Civita

Artikkelstart

Civita er ei borgarleg og liberal tankesmie eller tenkjetank, etablert i 2003. Tankesmia er partipolitisk uavhengig og fungerer som ein arena for å formidle politiske idear på viktige samfunnsområde.

Faktaboks

Uttale
s'ivita
Etymologi
avleidd frå latin civitas, som mellom anna betyr ‘borgar’

I føremålsparagrafen heiter det at «Civita arbeider for økt kunnskap og oppslutning om liberale verdier, institusjoner og løsninger, for å fremme en samfunnsutvikling basert på respekt for individets frihet og personlig ansvar». Dette skjer mellom anna gjennom møte og seminar, publikasjonar, skolering og utgiving av nyheitsbrev.

Civita har blitt eit samlingspunkt for personar med ulik politisk partitilknyting og frå ulike delar av samfunnet, til dømes akademia, næringsliv, media, organisasjonsliv og politikk.

Civita er finansiert med bidrag frå organisasjonane i næringslivet og private bedrifter, i tillegg til Liberalt Forskningsinstitutt, som er eit framhald av Libertas.

Civita blir leidd av Kristin Clemet. Med seg har ho personar med ulik akademisk og politisk bakgrunn. Civita har også eit eige fagråd.

Styreleiar er Anniken Hauglie.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg