Faktaboks

Jonatan Aars
Jakob Jonatan Aars. Aars endra skrivemåten frå Jacob Jonathan til Jakob Jonatan.
Fødd
12. juli 1837, Kristiania (no Oslo)
Død
22. september 1908, Kristiania
Levetidskommentar
Gravlagd på Vår Frelsers gravlund
Verke
Filolog og skolemann
Familie

Foreldre: Kvestor (økonomisjef) ved universitetet Harald Aars (1812–1901) og Anna Cathrine Pauline Hofgaard (1807–88).

Gift 12.7.1866 med Anna Ernesta Birch-Reichenwald (21.12.1839–19.12.1919), datter av statsråd Christian Birch-Reichenwald (1814–91) og Jacobine Ida Sophie Motzfeldt (1812–80). Fetter av Andreas Munch (1811–84); tremenning av Sophus Aars (1841–1931; se NBL1, bd. 1); svoger til Peter Birch-Reichenwald (1843–98; se NBL1, bd. 1); far til Kristian Aars (1868–1917) og Harald Aars (1875–1945); morfar til Nils Alstrup Dahl (1911–2001).

Jonathan Aars
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC0 1.0

Jonatan Aars var filolog og rektor. Han grunnla ein høgre skule, gav ut rettskrivingsreglar til skulebruk, og var med på å førebu rettskrivingsreforma av 1907.

Bakgrunn

Jakob Jonathan Aars var fødd i Kristiania. Han tok examen artium ved katedralskulen i Kristiania i 1854 og vart cand.philol. med hovudfag i gresk i 1860. I 1859–1864 underviste han ved Hartvig Nissens Latin- og Realskole.

Skiping av skule

Saman med studiekameraten og venen Peter Voss skipa han i 1863 Aars's og Voss's Latin- og Realskole, som vart ein høgt respektert skule som var tidleg ute med undervisningsreformer. Skulen fekk mykje å seie for utviklinga av den høgre skulen i Noreg. Aars underviste sjølv i gresk, i tidlege år også i latin og norsk.

Rettskriving

Påverka av Knud Knudsen, som han hadde hatt som lærar på katedralskulen, arbeidde Aars for ei fornorsking av rettskrivinga i dansk-norsk. Alt i 1858 gav han som stud.philol. ut Forsøg til en Vejledning i norsk Retskrivning. I 1866 kom Retskrivningsregler til Skolebrug. Mellom 1866 og 1907 kom det 17 reviderte utgåver av boka, som i 1897 skifta tittel til Norske retskrivnings-regler. Frå 1877-utgåva blei det innført, etter ei høyring blant skulefolk, liten førebokstav i samnamn.

Frå 1885 vart boka formelt autorisert av Kyrkjedepartementet som rettesnor «ved bedømmelsen av besvarelser ved de offentlige skole-eksamener». I dei seinare utgåvene deltok også Simon W. Hofgaard i arbeidet med boka. Han var medlem av fleire departementale utgreiingskommisjonar og var med i utgreiingsarbeidet som førte fram til rettskrivingsreforma for dansk-norsk av 1907.

Førenamna til Aars blir i litteraturen skrive på ulike måtar, mest vanleg er Jacob Jonathan. Sjølv skreiv han i formelle brev og som forfattar berre «J. Aars». På gravsteinenVår Frelsers gravlund i Oslo står det «Skolebestyrer Jakob Jonatan Aars». Skrivemåten er i samsvar med dei rettskrivingsreglane han sjølv gjekk inn for. I folketeljingane i 1875 og 1900 skreiv han Jakob Jonatan Aars.

Aars publiserte òg ymse arbeid i klassisk og nordisk filologi. Eit hovudverk er Sokrates, skildret gjennem oversættelser af Platon, med indledning og anmerkninger frå 1882.

Andre verv og engasjement

Aars var styremedlem i Det norske Oldskriftsselskab frå 1864, medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania frå 1886 og formann i Bymålslaget 1906–1908. I 1890 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alf Hellevik: Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979
  • Elling Holst: «J. Aars og P. Voss», Skolebladet, 15.1. 1898
  • Egil Børre Johnsen: Unorsk og norsk. Knud Knudsen. En beretning om bokmålets far. Tvedestrand 2006
  • Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Et 100-årsjubileum. Oslo 2002
  • A. Midsem: Festskrift utgitt i anledning av Aars og Voss' skoles femtiaars jubilæum. Kristiania 1913
  • Joh. K. Bergwitz (red.): Studenterne fra 1854. Kristiania 1904
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978
  • Aars og Voss's latin- og realskole. Aarsberetning for skoleaarene 1907–1910. [Minneord, biografi og bibliografi]. Kristiania 1911
  • Ivar Aars: «Jonathan Aars og 'Retskrivnings-regler til Skolebrug'», Språknytt nr. 2/2007

Faktaboks

Jonatan Aars
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045148944

Kommentarar (2)

skreiv Jon Grepstad

SNL brukar namneforma "Jonathan Aars". Namnet hans bør skrivast "Jonatan Aars" eller eventuelt "Jakob Jonatan Aars". I dei to siste folketeljingane i livet sitt skreiv han, ikkje overraskande for dei som kjenner språksynet hans, "Jakob Jonatan Aars".

svarte Kjell-Olav Hovde

Godt sett, Jon! Eg retta namnet i tittelen og la til ei line i faktaboksen om at han endra namnet sitt frå Jonathan til Jonatan. Beste helsing, Kjell-Olav Hovde i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg