Gunvor Eldegard

Faktaboks

Gunvor Eldegard
Født
14. april 1963, Årdal, Vestland
Stortinget.

Artikkelstart

Gunvor Eldegard er ingeniør, tidlegare ordførar i Ski og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i 2005–2017.

Bakgrunn

Gunvor Eldegard er fødd i Årdal i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho tok svakstraumlinja ved Sogndal yrkesskule i 1979–1980, elektronikk ved lærlingskulen i Årdal i 1980–1981 og praktikant ved Årdal og Sunndal Verk. Ho tok forkurs for ingeniørar ved Tinius Olsens skoleKongsberg i 1981–1982 og ingeniørstudiet ved Kongsberg ingeniørskole i 1982–1985. Ho tok ulike kurs ved BI i 1993–1994 og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2010.

Eldegard arbeidde deltid ved eit hotell i 1983–1985, var prosjektingeniør ved IGP AS i 1985–1990, kontrollsystemingeniør ved Kværner Eureka i 1990–1993, prosjektingeniør ved SSE AS i 1993–1998, dagleg leiar og ingeniør i ERC AS i 1995–1998 og ansvarleg leiar for elektro same stad i 1998–2003. I 2017 vart ho prosjektleiar for yrkesfagløftet i Akershus fylkeskommune.

Politisk karriere

Ho var nestleiar i Ski Arbeidarparti i 1991–1995 og medlem av Ski formannskap i 1993–2003. Eldegard var ordførar i Ski kommune i 2003–2005 og var kommunestyrerepresentant for perioden 2011–2015. Ho var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i stortingsperiodane 2005–2017.

Eldegard var fyrste nestleiar i næringskomiteenStortinget og medlem av gruppestyret i Arbeidarpartiet i 2005–2009. Ho var deretter medlem av finanskomiteen og valkomiteen i 2009–2013 og av kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2013-2017. Som stortingsrepresentant har ho særleg arbeidd for eit likestilt arbeidsliv, og for å leggje til rette for kvinner i handverks- og teknologiyrke.

Andre verv

Eldegard var leiar for Kvinner i mannsyrker, KIM, i 1991–1993 og medlem i styret for KIM Oslo i 1991–1994. Ho var nestleiar i styret for Follo barnevernvakt i 1999–2003, nestleiar i driftstyret for Etterstad videregående skole frå 2001 og var medlem av representantskapet for ulike kommunale tenester i Follo i 2003–2005. Ho var medlem av styret for Morsa-prosjektet, landsstyret for Kommunenes Sentralforbund og Kirkelig Fellesråd i 2003–2005, samt medlem i styret for ERCAS i 1995–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg