Grete Riise

Faktaboks

Grete Riise
Født
9. mai 1947, Hareid, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Grete Riise er lærar, rådgivar og tidlegare dagleg leiar i Noregs Mållag. Ho leidde arbeidet med den nye rettskrivingsnorma for nynorsk som blei teken i bruk i 2012.

Bakgrunn

Grete Riise er fødd i Hareid kommune i Møre og Romsdal. Ho var elev ved Eidsvoll landsgymnas i 1964–1967 og blei cand.mag. ved Universitetet i Bergen i 1974 med faga sosiologi, historie og nordisk.

Riise var lærar i Hammerfest i 1976–1980 og konsulent hos skuledirektøren i Finnmark i 1980–1986. Ho arbeidde som informasjonskoordinator for hiv-/aidsarbeidet i Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune i 1987–1990, rådgivar hos fylkeslegen i Hordaland i 1990–1998 og som seniorrådgivar hjå Fylkesmannen i Hordaland i 2001–2017.

Språkarbeidet

Rettskrivingsnorma

I 2010–2011 var Riise leiar for rettskrivingsnemnda for nynorsk. I arbeidet med den nye rettskrivingsnorma var målet å lage ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. Meininga var at norma skulle vere stabil over tid, slik at det ikkje blei nødvendig med endringar så ofte. Riise meiner at den nye rettskrivingsnorma for nynorsk står trygt i framtida.

Målrørsla

Riise har vore aktiv og sentral i målrørsla i fleire tiår. Som student på byrjinga av 1970-åra var ho aktiv som styrerepresentant i Norsk Målungdom og som NMU-representant i styret for Noregs Mållag 1974–1976. Ho har hatt ulike roller i Noregs Mållag, mellom anna som nestleiar i styret, dagleg leiar i 1998–2001 og leiar av valnemnda på byrjinga av 2000-talet.

Ho har vore medlem i styret til Det Norske Samlaget, leiar av Målpolitisk råd i Det Norske Teatret og medlem i styret for Dei nynorske festspela (1998–1999). Ho var rådsordførar (2001–2009) og styremedlem (2010–2014) og nestleiar (2014–2018) i styret for Nynorsk kultursentrum, og styremedlem (2012–2014) og nestleiar (2014–2016) i styret for Allkunne AS.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg