Artikkelstart
Folkebladet er ei regionavis som kjem ut i Finnsnes. Avisa blei grunnlagd i 1965 med namnet Troms Folkeblad og er eigd av Polaris Media.
Faktaboks
- Også kjent som
- Folkebladet
Folkebladet er ei regionavis som kjem ut i Finnsnes. Avisa blei grunnlagd i 1965 med namnet Troms Folkeblad og er eigd av Polaris Media.
Troms Folkeblad kom ut fyrste gong på Finnsnes i Lenvik kommune 15.november 1965. Næringslivskrefter rundt Finnsnes Handelstandsforening, men også representantar for ulike politiske avskyggingar, ønskte å lage ei avis for midtfylket i Troms. Dei la planar om å kjøpe Senjens Blad som var til sals, og som i ulike variantar hadde kome ut på same staden sidan 1907. Samstundes ønskte partiet Venstre eit talerør i distriktet, og vann til slutt dragkampen om å overta Senjens Blad sommaren 1965. Dermed måtte ein legge planar for ei heilt ny avis, og kapital samla inn. Nokre månader seinare var Troms Folkeblad etablert med gamleredaktøren i Senjens Blad som fyrste redaktør og med fleire andre medarbeidarar frå same avis.
Den nye avisa må nok også sjåast i samanheng med meir langsiktige utviklingstrekk, knytt til oppkomsten av Finnsnes som eit stadig viktigare sentrum i Midt-Troms. I 1950 var det 884 innbyggjarar her, tjue år seinare 2619. Ved århundreskiftet fekk Finnsnes bystatus. Bakgrunnen for denne ekspansjonen for Finnsnes med omland var etablering av Troms offentlege landsgymnas på Setermoen i 1946 (som kom til Finnfjordbotn utanfor Finnsnes tre år seinare), eit ferrosilisumverk midt på 1950-talet, ein tremassefabrikk i nabokommunen Sørreisa og militærutbygging, både i Lenvik kommune og i nabokommunar i Midt-Troms og Indre Troms. Eit uttrykk for den auka betydninga denne regionen fekk i avisbiletet, i spennet mellom Nordlys i Tromsø og Harstad Tidende, er at Nordlys etablerte sitt fyrste distriktskontor her alt i 1954. Det blei rett nok oppgitt alt etter eitt år, men frå 1961 hadde Nordlys permanent eit eige kontor på Finnsnes. Troms Folkeblad måtte derfor kjempe om eksistensen sin både mot Senjens Blad og Nordlys (som i 1968 hadde ei hushaldsdekning på 60 prosent i Lenvik kommune). Avisa sleit tungt i starten, men kom over kneika.
I 1970 måtte konkurrenten Senjens Blad gi opp. I 1974 gjekk avisa over til offset, og ti år seinare kom avisa for fullt inn i dataalderen. Eit stort byks framover fekk Troms Folkeblad då eigarane av ferrosilisumverket like utanfor Finnsnes, Fesil-Nord, gjekk inn med ny kapital i 1989. Då hadde avisa for fyrste gong like stor hushaldsdekning i Finnsnes-området som Nordlys, 57 prosent. To år seinare vart Folkebladet dagsavis, og frå 1997 har Steinulf Henriksen vore sjefredaktør i avisa.
På 1990-talet blei Troms Folkeblad overtatt av den ekspanderande Harstad Tidende-gruppen (frå 2008 Polaris Media), ein del av «Schibsted-sfæren». I 2008 hadde Troms Folkeblad fire avdelingskontor og om lag 30 tilsette, og var no heilt dominerande i sitt distrikt.
Eigarselskapet bytte namn frå Troms Folkeblad AS til Folkebladet AS i samanheng med 50-årsjubileet i 2015. Då hadde det gamle namnet Troms Folkeblad ikkje vore i bruk på avisa på tjuge år.
År | Opplag |
---|---|
2018 | 5500 |
2020 | 5940 |
I 2018 gjeld opplagstala for digitalutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.