Nordlys

Nordlys/Amedia.
Lisens: Gjengitt med tillatelse

Nordlys historie

1902

Fyrste utgåve 10. januar 1902, med Alfred Eriksen som redaktør. 

1911

Samarbeidet med Arbeiderpartiet vert formalisert

1923

Arbeiderpartiet blir splitta. Nordlys fylgjer NKP. 

1924

Arbeiderpartiet får kontroll over avisa igjen. Ingvald Jaklin blir redaktør, ein posisjon han hadde til 1966, utanom krigsåra.

1940

Den tyske okkupasjonamakta stengjer avisa. 

1947

Nordlys blir største avis i Tromsø.

1965

Nordlys blir største avis i Nord-Noreg.

1982

Ivan Kristoffersen blir redaktør, og avisa blir etterkvart mindre partitru. 

1994

Nordlys seier "Nei til EU", to veker før folkerøystinga. 

Nordlys er den største avisa i Nord-Noreg. Avisa vart grunnlagt 1902. Eigar er Amedia. Hovudkontoret ligg i Tromsø, men avisa har òg lokalkontor på Finnsnes og Storslett.

Avisa har omlag 23 000 digitale abonnentar. Papirutgåva kjem ut seks dagar i veka, måndag til laurdag, og har omlag 11 500 abonnentar. Totale lesartal ei gjennomsnittsveke er 50 100 (Kjelde: Mediebedriftenes landsforening 2019).

Nordlys samarbeider tett med andre Amedia-aviser i landsdelen, særskild om nettstaden Nord24.

Sjefredaktør: Helge Nitteberg.

Historie

Eit politisk jordskjelv

Det var sokneprest Alfred Eriksen som grunnla avisa Nordlys, som kom med fyrste utgåve 10. januar 1902. Han sto fyrst i partiet Venstre, men i desember 1902 blei han formann i det nystifta Tromsø Socialistiske Amtsarbeiderforening, som frå 1. januar 1903 blei tilslutta Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (DNA).
Troms Arbeiderparti.
Lisens: CC BY 2.0

I 1902 grunnla presten Alfred Eriksen avisa Nordlys på Karlsøy i Troms. Eriksen var ordførar og hadde i lengre tid utfordra handelsmannsherredømmet i regionen. Nordlys blei ein plattform for ei rørsle med basis i fiskarbondesamfunna i Troms som samla seg om Arbeidarpartiet og laga eit politisk jordskjelv i 1903, med over 60 prosent oppslutning i landdistrikta, og alle dei tre stortingsmandata, med Eriksen i spissen. Stortingsvalet 1903 blei både i samtida og seinare sett som eit tidsskille, ved at den organiserte arbeidarrørsla for fyrste gong blei representert i nasjonalforsamlinga.

Avisa var frå starten eit organ for Arbeidarpartiet, sjølv om det ikkje blei formalisert før i 1911. Etter at Eriksen kom på Stortinget, flytta avisa til Tromsø. Nordlys spelte ei viktig rolle for å utvikle ein felles identitet blant arbeidarane i ein by som no gjekk gjennom ei rask transformasjon frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn.

På 1910-talet etablerte avisa seg klart på arbeidarrørslas venstre fløy, særleg markert under redaktøren Peder Kaasmoli, som gjekk til NKP under partisplittinga i 1923. Etter eit kort mellomspel gjenerobra Arbeidarpartiet sine folk avisa og sette inn forretningsførar Ingvald Jaklin som var redaktør frå 1924 til han døde i 1966, berre avbrutt av krigsåra 1940-45.

Krigsår og etterspel

Nordlys blei som den første arbeidaravisa stengd i august 1940, og praktisk talt heile redaksjonen flykta seinare til Sverige. Etter frigjeringa fekk Nordlys eit kraftig gjennomslag – på grunnlag av eit politisk gjennombrot for Arbeidarpartiet i Tromsø, der sjefredaktør Jaklin no blei ordførar, ein moralsk kapital knytt til at Nordlys blei stengd så tidleg, mens konkurrenten kom ut som organ for Nasjonal Samling – og gode inntekter ved at pressa blei brukt til å trykke Deutsche Polarzeitung, avis for dei tyske soldatane i nord.

Leiande avis i Nord-Noreg

Under Ingvald Jaklins redaktørperiode var Nordlys eit organ for ei rørsle som sat med makta både lokalt og nasjonalt. Den tette koplinga mellom politikk og journalistikk synte seg i Ingvald Jaklins tredoble posisjon som redaktør, ordførar og stortingsrepresentant.

Stortinget.
Lisens: Gjengitt med tillatelse
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

I 1947 blei Nordlys byens største avis. I dei komande to tiåra arbeidde Nordlys målretta for å bli den leiande avisa i Nord-Noreg, med utbygging av eit nett av distrikts-kontor, og lukkast i 1965 med å passere opplagstalet til landsdelsavisa Lofotposten. I denne perioden var Nordlys eit organ for ei rørsle som sat med makta både lokalt og nasjonalt. Den tette koplinga mellom politikk og journalistikk viste seg iden sterke posisjonen avisa hadde i det lokale og regionale partiapparatet, noko som Ingvald Jaklin sin tredoble posisjon som ordførar, stortingsmann og redaktør var uttrykk for. Nordlys var eit partiorgan par excellence, men uttrykte også regionale interesser i ei tid der det var stor grad av samanfall mellom moderniseringsvisjonane lokalt og regionalt.

Etter Jaklin heldt Nordlys fram som partiavis også under etterfølgjarane Magne Jønsson og Reidar Nielssen.

Frå partiorgan til uavhengig regionavis

Det store skiftet kom under Ivan Kristoffersen (sjefredaktør 1982–1997). Avisa erklærte seg ikkje lenger som partiorgan, og på 1990-talet framstod ho i aukande grad meir som regionalistisk enn som partitru. Dette kom til uttrykk i motstand mot medlemskap i A-pressekonsernet (ei sak som gjekk tapt på slutten av 1990-talet) og ved å støtte nei-sida framfor folkeavstemninga om EU i 1994. Den politiske fristillinga kom til uttrykk ved tilsettinga av Jonny Hansen som sjefredaktør i 1997. Hansen hadde ikkje bakgrunn i Arbeidarpartiet og blei seinare sjefredaktør i konkurrenten Tromsø.

Redaktørar

Opplagstal papirutgåva

1920 4000
1932 3000
1938 3618
1947 13101
1950 14243
1965 20718
1983 30596
1995 33078
2008 26714
2015 16366
2018 11500
Kilde: Nordlys og Mediebedriftenes landsforening
  • Alfred Eriksen 1902 – 1912
  • Ole Martin Gausdal 1912 – 1914
  • Aksel Olsen 1914 – 1915
  • Jørgen Hustad 1915 – 1917
  • Peder Kåsmoli 1917 – 1924
  • Ingvald Jaklin 1924 – 1940
  • ---
  • Gunnar Hagerup 1945
  • Ingvald Jaklin 1945 – 1965
  • Magne Jønsson 1965 – 1973
  • Reidar Nielsen 1973 – 1982
  • Ivan Kristoffersen 1982 – 1997
  • Jonny Hansen 1997 – 2001
  • Hans Kristian Amundsen 2001 – 2011
  • Anders Opdahl 2011- 2016
  • Helge Nitteberg 2016.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

  • Christensen, Pål & Hallvard Tjelmeland: Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år, 2003, isbn 82-91668-19-1, Finn boken.
  • Dahl, Hans Fredrik (hovedredaktør) (2010) Norsk presses historie. Bind 1-4. Universitetsforlaget.
  • Jønsson, Magne (1976) Nordlys i 75 år. Les boken hos Nasjonalbiblioteket.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg