Erling Sande er ein norsk politiker frå Senterpartiet (Sp). Frå 2021 er han stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane. Han var fast møtande vararepresentant på Stortinget i perioden 2005–2013 og er stortingsrepresentant frå 2021.
Erling Sande
Faktaboks
- Født
- 8. november 1978, Bremanger, Sogn og Fjordane

Bakgrunn
Erling Sande er fødd i Bremanger i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk på Firda vidaregåande skule i 1994–1997, Nordhordland folkehøgskole 1997–1998 og er utdanna cand.mag. med mellomfag i historie og samfunnsgeografi og grunnfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 2004.
Politisk karriere
Sande var leiar av Senterungdommen i Sogn og Fjordane i 1997–1999, Bergen Senterstudenter i 1999–2001 og varamedlem i sentralstyret til Senterungdommen i 2002–2003. Han var representant for Senterpartiet i Bremanger kommunestyre i 1999–2003, medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1999–2003 og 2005–2007 og medlem av fylkesutvalet i 2003–2005.
Han var politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe i 2003–2005. I periodane 2005–2009 og 2009–2013 var han vararepresentant til Stortinget, men møtte fast i begge desse periodane for Liv Signe Navarsete då ho var med i regjeringa Stoltenberg II. I perioden 2009–2013 var han nestleiar for Senterpartiet si stortingsgruppe. På Stortinget var han leder av Energi- og miljøkomiteen fra 2009 til 2013. Sande stilte ikke til gjenvalg i 2013 eller 2017, men kom tilbake på Stortinget i 2021.
Andre verv og engasjement
Sande var leiar av elevråda ved Firda vidaregåande skule i 1996–1997 og Nordhordland folkehøgskole i 1997–1998. Han var nestleiar i styret for Sogn og Fjordane teater i 2000–2004 og har hatt ei rekkje andre offentlege verv i heimfylket. Sande var styremedlem i Løvebakken mållag i 2009-2013, 2014–2016 var han styremedlem i Grønn Kontakt, og frå 2015 er han styremedlem i eSmart Systems. Frå 2013 til 2021 var han konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi (SFE).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.