Fôrbåten Aqua Junior losser fiskefôr ved et fiskeoppdrettsanlegg i Austevoll kommune.

Ein fôrbåt er eit skip som fraktar fiskefôr i bulklast eller storsekkar.

Skipa går ofte i faste ruter, og hentar fôr frå ein fôrfabrikk, før det går i «mjølkerute» innom alle oppdrettsanlegga dei skal levere til. Under levering vert ofte dynamisk posisjonering tatt i bruk for å halde skipet i rett posisjon utan at det vert fortøyd eller at det vert brukt anker. Ei fôrkran fører fiskefôret inn i korrekt silo på fôringsflåten.

Skip som leverer fôret i storsekkar, løftar sekkane over eit knivkryss så det går hol i dei, før dei løftast over ein av siloane i fôrflåten.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg