Ørnulf

Artikkelstart

Ørnulf kjem av det norrøne mannsnamnet Ǫrn-ulfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ulv’.

Ørnulf er ein sterk kombinasjon av rovfugl og rovdyr. Namnet var brukt i mellomalderen, men låg i dvale til det vart tatt i bruk att i 1881.

Namnet har fleire variantar: Ørnulf, Ørnulv.

Namnedag er 18. juli. Arnulf har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ørnulf

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var elev ved latinskolen Ørnulf Bang fødd 1881 i Bergen, busett i Trondheim i 1900.

Kulturell bruk

  • Ørnulf fra fjordene i «Hærmændene paa Helgeland» (1858) av Henrik Ibsen.

Kjende personar med namnet Ørnulf

Eit utval personar med namnet Ørnulf, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 760 menn (fødde i Noreg) som hadde Ørnulf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg