Gaupe
Gaupe er eit døme på ein predator.

Ein predator er ein organisme som drep og et ein annan organisme. Som oftast er det eit rovdyr som drep og et eit byttedyr.

Faktaboks

Uttale
predˈator
Etymologi
av latin ‘røver’

Døme på predatorar inkluderer rovpattedyr som ulv, gaupe, hund og katt; rovfuglar som ørn, ugle, måke; småfugl som lever av insekt; rovinsekt som marihøne og augestikkar; rovfisk som hai, gjedde, blekksprut og sjøstjerne.

Ein polyfag predator er ein generalist som et mange ulike artar. Ein monofag predator er ein spesialist som konsentrerer seg om eit fåtal artar.

Kjøtetande planter og dyr som et frø vert og rekna som predatorar sidan dei får mat ved å drepa andre organismar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg