Audun er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Auð-un. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘rikdom’ og etterleddet ‘venn’. Etterleddet -un i Audun kjem av det norrøne vinr. Namnet svarer til det engelske Edvin.

Les om kvinnenamnet Audun.

Namnet har fleire variantar: Auden, Audun, Auen, Augon, Augun, Augund.

Namnedag er 1. mars. Audny har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Audun

Eit utval personar med namnet Audun, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 786 menn i Noreg som hadde Audun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 22 gutar som fekk namnet Audun.

Utvikling i bruk av namnet

I motsetning til dei fleste nordiske tostava namna med utlyd på konsonant hadde Audun toppfasen sin på eit forholdsvis seint tidspunkt, 1980–1984. Også nordiske namn som Espen, Stian og Eirik hadde ein sein toppfase.

Utvikling i bruk av namnet Audun frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Audun frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg