Artikkelstart
Audun Heskestad var ein norsk forleggjar og målmann, som var forlagssjef i Det Norske Samlaget frå 1980 til 2004 og formann i Den norske Forleggerforening frå 1990 til 1993.
Heskestad er utdanna jurist, og var økonomisjef i Det Norske Samlaget frå 1971 til han vart forlagssjef same stad. Han fullførte den moderniseringa av Samlaget som Johs. Aanderaa hadde starta i 1958 og som Andreas Skartveit førte vidare frå 1973 til 1978.
Han vart kjend som ein profilert og respektert forleggjar, og markerte seg mellom anna med si evne til å finne gode kompromiss og med den målretta lobbyverksemda si overfor Stortinget og departement.
I 2011 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin for nynorsk skriftkultur.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.