Ved stortingsvalet i 1827 vart Neergaard vald til representant for Romsdals amt. Embetsmennene såg med mistru på denne representanten for bondestanden, og sjølv om han vart varamann ved valet i 1830, sytte embetsmennene på tinget for at Neergaard ikkje vart innkalla då den valde representanten vart sjuk. Neergaard brukte i staden denne sommaren til å skriva Ola-boka.
Denne boka er forma som ein kort samtale mellom fire personar – ein bymann, ein bergverksbetjent, ein klokkar og bonden Ola. Ola er i utgangspunktet ein ikkje altfor reflektert person, utan interesse for det som skjer på Stortinget, men i løpet av samtalen går mykje opp for han. Boka sluttar med at han vil fortelja det han har lært, vidare til andre bønder. Hovudtanken i boka er at så lenge det er fleirtal av embetsmenn på Stortinget, vil ikkje dei økonomiske kåra for bønder verta betre – bønder bør difor røysta på bønder.
Dei neste åra reiste Neergaard rundt i landet for å spreia boka til så mange som råd. Dette var den fyrste politiske agitasjonsreisa i landet, og for ikkje å verta teken for brot på lausgjengarlova eller på vallova av 1828 dreiv han samstundes med handel av hestar og sild. Han kalla ikkje inn til politiske møte, men vitja gardar og snakka med folket der.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.