Ola-boka
En Odelsmands Tanker om Norges nærværende Forfatning tilligemed en Samtale indeholdende Veiledning for Bønder til en rigtigere Fremgangsmaade ved Udkaarelsen af Valgmænd og Repræsentanter, som oftast kalla Ola-boka. Kopi av første side i originalutgåva frå 1830.
Ola-boka
Av .

Ola-boka er eit politisk agitasjonsskrift skrive av den norske politikaren og gardbrukaren John Neergaard i 1830. Han arbeidde for å gje bøndene meir makt i den nasjonale politikken.

Faktaboks

Også kjend som

En Odelsmands Tanker om Norges nærværende Forfatning tilligemed en Samtale indeholdende Veiledning for Bønder til en rigtigere Fremgangsmaade ved Udkaarelsen af Valgmænd og Repræsentanter

Boka er forma som ein kort samtale mellom fire personar – ein bymann, ein bergverksbetjent, ein klokkar og bonden Ola. Ola er i utgangspunktet ein ikkje altfor reflektert person, utan interesse for det som skjer på Stortinget, men i løpet av samtalen går mykje opp for han. Boka sluttar med at han vil fortelja det han har lært, vidare til andre bønder. Hovudtanken i boka er at så lenge det er fleirtal av embetsmenn på Stortinget, vil ikkje dei økonomiske kåra for bønder verta betre – bønder bør difor røysta på bønder.

Boka bidro til bondefleirtalet på Stortinget i 1833, det såkalla Bondestortinget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg