Faktaboks

evenkisk

på evenkisk evedïï tureen эвэды̄ турэ̄н 'evenkisk språk' eller iledï tureen илэды турэ̄н 'menneskespråk'

Språkkodar
evn (EVN)
ISO-639:3
evn
Utbreiinga til evenkane i Russland i 2010. Fargen fortel kor mange prosent dei utgjer av folkesetnaden i ulike område.

Evenkisk er eit språk som høyrer til den nordlege greina av den tungusiske språkfamilien.

Evenkisk blir snakka av kring 16 000 av dei bortimot 70 000 evenkane — evenkisk evenkii эвэнкӣ 'evenk', fleirtal evenkiil эвэнкӣл 'evenkar'. Dei bur over eit enormt område i Nord-Asia – frå Vest-Sibir i vest til elva Amur og øya Sakhalin i aust, frå kysten av Nordishavet i nord til provinsen Indre Mongolia (kinesisk Nèi-Měnggǔ 內蒙古) i Nord-Kina i sør. Den administrative eininga Evenkija (russisk Ėvenkija Эвенкия eller Ėvenkijskij Rajon Эвенкийский район) har namnet sitt frå evenkane.

Historie

Teikning frå 1839 som viser evenkar som kjem ridande på reinsdyr til eit evenkisk telt

Før 1930 blei evenkisk kalt tungusisk, og evenkane blei kalte tungusar. Evenkane sjølv har aldri brukt desse nemningane.

Evenkisk har hatt ein skriftleg litteratur sidan tidleg på 1930-talet, med folklore, romanar, poesi og skulebøker for dei fleste skulesteg. Det finst òg fleire evenkisk-russiske og russisk-evenkiske ordbøker.

Heilt i byrjinga blei evenkisk skrive med det latinske alfabetet i Sovjetunionen, men sidan 1932 har dei nytta det kyrilliske alfabetet. I Kina blei evenkisk skrive med mandsju-alfabetet under Qing-dynastiet. Sidan 1980-talet brukar dei det latinske alfabetet, men det har òg vore eksperimentert med det mongolske alfabetet.

Grammatikk

Setninga

Evenkisk er eit språk der leddstillinga i ei setning stort sett er SOV: subjektet (S) kjem som regel først i setninga og verbalet (V) som regel sist, medan andre setningsledd, som objekt (O) og adverbial, kjem mellom S og V. Her er ei setning som tyder 'Venen min gav meg ein ny kniv':

subjekt indirekte objekt direkte objekt verbal
Гиркӣв минду омактава пуртава бӯрэн
Girkii-v min-du omakta-va purta-va buu-re-n
venen min meg ny kniv gav

Språket har 12 kasus, og tre av dei finn vi i denne setninga:

  • girkiiv 'venen min' har kasuset nominativ, som ikkje har ein særskild markør. Men ordet har possessiv-suffikset -v 'min'. 'Ven' heiter girkii.
  • mindu 'meg' er dativ av bi 'eg'. Dativ er markert med suffikset -du.
  • omaktava purtava 'ny kniv' har kasuset akkusativ. Nominativ er omakta purta. Akkusativ er markert med suffikset -va. Kasus er markert på både adjektiv og substantiv.

Verbet har stamma buu- 'gi' følgd av suffikset -re, som uttrykkjer nær fortid, og suffikset -n, som viser kongruens med eit subjekt i 3. person eintal.

Nomenfrasen

Dei fleste adledda i ein nomenfrase står føre hovudet. Eit eksempel er омактава пуртава omaktava purtava 'ny kniv' i setninga over, med adjektivet omaktava 'ny' som adledd og substantivet purtava 'kniv' som hovud.

Den vanlege plasseringa av relativsetningar er òg føre hovudet, som i dette eksempelet, som tyder 'jenta som lagar støvlar':

relativsetning hovud
унталва о̄дяари хунат
unta-l-va oo-jari hunat
støvlar lagande jente

Untalva 'støvlar' er akkusativ, igjen med suffikset -va. Untal er nominativ fleirtal av unta 'støvel'; -l er det vanlege fleirtalssuffikset, med varianten -il etter konsonant, som i дявил jav-il 'båtar', nominativ fleirtal av дяв jav 'båt'.

Verbforma oo-jari 'lagande, som lagar' har stamma oo- 'lage' følgd av -jari, eit partisipp-suffiks som uttrykkjer at ei handling skjer samtidig med ei anna handling.

Orddanning

Evenki har eit rikt orddanningssystem, med omkring 100 forskjellige avleiings-suffiks. Dette kan illustrerast med verbet i setninga nedanfor, som tyder 'Ho/Han ville begynne å vite mykje':

subjekt objekt verbal
Нуӈан кэтэли са̄лмудяачан
Nuŋan keteli saa-l-mu-jaca-n
Ho/Han mykje vite-inkoativ-volitiv-imperfektum-3sg

Suffiksa -l og -mu på verbet er avleiingssuffiks:

  • -l uttrykkjer inkoativ, det vil seie at handlinga begynner
  • -mu uttrykkjer volitiv, det vil seie at subjektet vil eller ønskjer at handlinga skal skje

Det finst òg store mengder avleiingsaffiks for å danna substantiv frå verb eller substantiv. Suffikset -ran (med varianten -ron) uttrykkjer at noko er falskt eller ikkje ekte:

  • пурта purta 'kniv' ⇨ пуртаран purtaran 'uekte kniv, noko som liknar ein kniv'
  • хокто hokto 'veg' ⇨ хокторон hoktoron 'sti, tråkk'
  • амин amin 'far' ⇨ амиран amiran 'stefar'

Fonologi

Eit evenkisk ord begynner og sluttar med vokal eller éin konsonant:

  • аю̄ ayuu 'okle, ankel'
  • дыл dïl 'hovud'

Eit unnatak er grupper med konsonant + y [j], som i ме̄ллан myeellan 'ho/han vakna'.

Mellom vokalar kan det stå både éin og to konsonantar:

  • бо̄кан bookan 'lår'
  • амӈа amŋa 'munn'
  • ӣктэ iikte 'tann'
  • иллэ ille 'kropp'

Evenkisk har ikkje tonem, og plasseringa av trykket er føreseieleg ut ifrå strukturen til ordet.

Vokalar

Evenki har seks korte og lange vokalfonem. Kvar vokal er presentert med ein praktisk transkripsjon i kursiv følgd av ein IPA-transkripsjon i klammer som fortel meir nøyaktig korleis uttalen er:

fremre, urunda bakre, urunda bakre, runda fremre, urunda bakre, urunda bakre, runda
i [ɪ] ï [ɯ] u [ʊ] ii [ɪː] ïï [ɯː] uu [ʊː]
- e [ɤ] o [ɔ] ee [ɤː, eː] oo [ɔː]
a [a] - - aa [aː] - -

Fonemet ee blir til vanleg uttalt som [ɤː], men etter y [j] er uttalen [eː]. Fonema ï og ïï står aldri fremst i eit ord. Nokre forskarar hevdar at det ikkje finst nokon lang ïï.

Konsonantar

Når vi ser bort ifrå nyare lånord frå russisk, har evenki 18 konsonantar:

labial alveolar postalveolar dorsal
p [p] t [t] c [ʧ] k [k]
b [b] d [d] j [ʤ] g [ɡ]
- s [s, h] - h [x]
m [m] n [n] ɲ [ɲ] ŋ [ŋ]
v [v, w, f] l [l] - y [j]
- r [r] - -

Fonemet v blir uttalt som [f] i slutten av ord, ofte som [w] mellom vokalar og som [ʋ] i andre posisjonar. Fonemet s blir av mange uttalt som [h] mellom vokalar, men som [s] i andre posisjonar.

Vokalharmoni

Evenkisk har vokalharmoni, slik at vokalane i suffiksa varierer etter kva vokalar ein finn i stamma, men etter kompliserte prinsipp. Verbsuffikset som uttrykkjer nær fortid, har variantane -ra, -re og -ro (med l i staden for r etter stamme som endar på l):

  • анаран ana-ra-n 'ho/han skauv'
  • эмэрэн eme-re-n 'ho/han kom'
  • бӯрэн buu-re-n 'ho/han gav'
  • тыллэн tïl-le-n 'ho/han forstod'
  • ӣрэн ii-re-n 'ho/han gjekk inn'
  • омӈорон omŋo-ro-n 'ho/han gløymde'
  • ме̄ллан myeel-la-n 'ho/han vakna'

Ein liknande vokalharmoni finst òg i andre tungusiske språk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg