iTromsø - avis

iTromsø logo
Polaris media.
Lisens: Gjengitt med tillatelse
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

iTromsø er ei lokalavis for Tromsø. Avisa blei grunnlagt 1898 som Bladet Tromsø, seinare berre Tromsø. Eigar er Polaris Media ASA.

Faktaboks

Også kjent som
Bladet Tromsø

iTromsø har omlag 7 500 digitale abonnentar. Papirutgåva har omlag 4100 abonnentar og kjem ut seks dagar i veka, måndag til laurdag. Totale lesertall ein gjennomsnittsdag er omlag 40 100 (Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening januar 2019).

Redaktør: Stig Jakobsen.

Historie

Venstreavis

Bladet Tromsø blei etablert som «Rent Venstreblad for Tromsø By og Amt»i 1898 etter ein politisk strid i Venstre, der Tromsø Stiftstidende blei oppfatta som å ikkje vere påliteleg nok som partiavis. Den første redaktøren i Bladet Tromsø var Ejnar Gjemsø, etter kort tid erstatta av den markante Erling Steinbø, etter oppdrag frå Norges Venstreforening. Avisa blei ein kompromisslaus forkjempar for Venstre sine interesser. Steinbø slo både til høgre og venstre og særleg mot avisa Nordlys. Etter at fråhaldskrefter fekk overtaket i Tromsø Venstre, kom Steinbø på kant med partiet og måtte forlate avisa i 1912, truleg også som følgje av reaksjonar på hans tidvis giftige penn. Han stifta då avisa Nord-Norge, som gjekk inn året etter.

Dagsavis

Til gjengjeld fekk bla-det Tromsø undertittelen «Dagblad for Nord-Norge» då avisa blei dagsavis i 1915. Dette gjenspegla både den tidlege fasen i oppkomsten av ein nordnorsk regionalisme og ambisjonane om å bli ei regionavis. I 1917 blei Oscar Larsen redaktør. Han kom til å sitje som redaktør i Tromsø til 1961 då sønene hans, Sverre og Kjell Larsen, overtok. På slutten av 1930-talet var opplaget på vel 8000, og Tromsø den nest største avisa i Nord-Noreg.

Krigsåra og etterspel

Redaktør Larsen blei fjerna som redaktør 7. november 1941, og Tromsø fortsette som «Organ for Nasjonal Samling» til krigens slutt, noko som diskrediterte avisa.I 1947 blei Tromsø passert i opplag av Nordlys med høvesvis 11 750 og 13 101 eksemplar. Ein storbrann i 1948 som medførte eit opphald på eit halvt år, sette avisa ytterlegare tilbake, og opplaget blei halvert på tjue år.

Nye eigarar, ny opplagsauke

I 1972 braut brørne Larsen med Venstre i samband med partisplittinga, og Høgre kom inn som eigar gjennom eit bladselskap. Avisa hadde då ein kort periode to redaktørar, ein frå kvar av eigargrupperingane. I 1972 kom også overgangen til offset og tabloidformat. I 1974 blei Høgre-mannen Erlend Rian redaktør, og avisa fekk ein kraftig opplaugsauke under den Høgrebølgja som førte han til ordførarvervet i 1980.

VG rustar opp for ei ny tid

I 1986 gjekk VG inn i avisa og bidrog til ei kraftig opprusting på datasida, samstundes som Pål Stensaas blei henta inn som ny redaktør. Frå no av definerte Tromsø seg som ei rein byavis, og opplaget auka. Då VG gav opp satsinga på lokalaviser, overtok Harstad Tidende-gruppen Tromsø i 1992.

I 2008 danna Harstad Tidende-gruppen og Adresseavisen Polaris-konsernet, som no eig avisa. I 2009 bytte avisa namn til iTromsø.

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg