House er ein av dei mest sentrale musikksjangrane tilhøyrande sjangerparaplynemninga elektronisk dansemusikk, med opphav frå Chicago og klubben The Warehouse, som opna i 1977.

Sjangeren blomstra tidleg på 80-talet i USA og spreidde seg etter nokre år til Europa, og vart særleg populær i Storbritannia. I byrjinga henta house mykje inspirasjon frå diskomusikk, samstundes som den var prega av utviklinga av trommemaskina.

I dag har sjangeren svært mange underkategoriar, men dei fleste housesjangrane har likevel nokre fellestrekk som blant anna at det går i taktarten 4/4 og har eit tempo på mellom 115–140 taktslag per minutt. Vidare følgjer housemusikk eit syklisk formprinsipp og har korte, repeterande rytmiske og melodiske strukturar. Sjangeren kombinerer ofte disko-, funk- og soulsampel med utprega bruk av trommemaskiner og synthesizerar. 

I 1977 opna klubben The Warehouse i Chicago med DJen Frankie Knuckles i ei sentral rolle. Til å byrje med var det i hovudsak afro-amerikanske og latin-amerikanske homofile menn som oppsøkte klubbane der det vart spelt house, men etterkvart som populariteten til sjangeren auka, utvida også klientellet seg. Musikken frå klubbmiljøa i Chicago og USA vart introdusert til Storbritannia via New York i 1986 og middelhavsøya Ibiza året etter. Etter dette vart house særs stort i London og etterkvart også ei eksportvare frå Storbritannia som ein del av ei underhaldningspakke kalla Acid House parties – betre kjent som Rave. I dag spelast house på klubbar verda over samstundes som mange artistar innan dagens populærmusikk inkluderer element frå house i sitt musikalske uttrykk. 

Historisk sett er house ein direkte etterkommar av diskomusikk, men sjangeren er også inspirert av både gospel, soul, funk og R&B. Dei amerikanske DJane som utvikla house tok plater frå desse stilartane og remiksa dei for å gjere dei tilgjengelege og passande for dansegolvet ved å tilføre perkusjon frå nyutvikla trommemaskiner. 

I byrjinga var housetracks «enkle» og bestod av eit trommemønster, ei ukomplisert bassline, nokre synthesizerar samt sporadisk bruk av vokal. Det skjedde så ei gradvis utvikling med ny teknologi som resulterte i ei hybridisering av house. Tempoet på eit housetrack kan variere frå alt mellom 110–140 bpm, men ligg som regel kring 125–128 taktslag per minutt. Enkle, repeterande rytmiske og melodiske mønster samt effektar blir lagt lag på lag etter 2, 4, 8 eller 16 takter, og skapar så ein kompleks og variert heilskap. House kan vere både med og utan vokal, og dersom det er bruk av vokal er dette vokalsampel som ofte er klipt opp og digitalt redigert. Vokalinnslaga er repeterande og oppløftande mantra sentrert rundt ord som «freedom», «love», «hope» og «community». 

Mangfaldet innan house som har vakse fram dei siste åra har resultert i ein sjanger som har blitt både fragmentert og omgangsrik med ei lang rekke med undersjangrar som aspirerer til ulike estetiske lydideal. Nokre dømer på dette er deep house, minimalistisk house, acid house, Chicago house, fransk house og progressiv house. 

Frankie Knuckles, Jesse Saunders og Larry Levan var nokre av dei sentrale DJane frå den tidlege utviklinga av house. I nyare tid blir ofte Daft Punk, Justice og Madeon nemnt som representantar for den franske housen, og sentrale britiske houseaktørar har vore Faithless, Basement Jazz, Paul Oakenfold og 808 State. 

Viktige DJar frå dei seinare åra tilhøyrande diverse housesjangrar er blant anna Armand Van Helden, Deadmau5, Calvin Harris og Wolfgang Gartner. Frå Skandinavia kan ein vise til store housestjerner som Swedish House Mafia og Avicii. 

House reknast, i lag med Garage, som den opphavlege sjangeren innan Electronic Dance Music (EDM), som blant anna techno, trance og rave spring ut ifrå. Andre relaterte sjangrar innanfor EDM er: dubstep, garage, drum’n’bass og elektronika.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.