Frankie Knuckles i 2007
Den amerikanske DJ-en og produsenten Frankie Knuckles har vore ein stilskapar innan house.
Frankie Knuckles i 2007
Av .

Elektronisk dansemusikk (EDM) er ei paraplynemning som viser til eit stort mangfald av rytmiske sjangrar innan elektronisk musikk. Musikkstilen har opphav i discomusikken frå 1970-talet og den vidare klubbkulturen.

Faktaboks

Etymologi
frå amerikansk-engelsk EDM, forkorting (initialord) for electronic dance music / elektronisk dansemusikk
Også kjend som

klubbmusikk, dansemusikk, ravemusikk

I hovudsak er EDM elektronisk komponert og produsert musikk som dansast til og saumlaust miksast saman i ein DJ-mix, og helst med eit instrumentalt fokus.

Undersjangrar

EDM inkluderer mange undersjangrar, mellom anna

Musikalske kjenneteikn

Ofte blir EDM kategorisert i to overordna kategoriar, «four-to-the-floor» og «breakbeat», etter kva rytmisk mønster som ligg til grunn i musikken. I four-to-the-floor markerer basstromma kvart slag i 4/4-takta. Dømer på sjangrar innanfor denne kategorien er house, techno og trance. I breakbeat er trommemønsteret synkopert og ofte basert på samples frå eldre funk- og diskoplater. Dømer på sjangrar her er drum and bass og jungle.

Sjølv om stilane innan EDM kan vere særs ulike og mangfaldige, er det nokre typiske og overlappande musikalske kjenneteikn.

Tempo og rytme

Tempo er mellom 120–160 bpm (beats per minute) avhengig av sjanger, med eit sterkt rytmisk og perkussivt fokus. Musikken går stort sett i 4/4-takt.

Instrumentasjon

EDM er hovudsakleg instrumental musikk, der det brukes elektroniske instrument som synthesizer, trommemaskiner, samplerar og effektar.

Det er lite bruk av vokal og tekst. Ofte har vokalspora ein rytmisk funksjon eller fungerer som oppmuntrande og gjentakande fraser som «move to the beat», «put your hands in the air» og liknande.

Harmoniar og form

Det er relativt få harmoniske endringar, ofte progresjonar som inkluderer to eller fire akkordar.

Det er ofte ei sekvensbasert innføring, endring eller fjerning av musikalske element, ofte etter 2, 4, 8, 16 eller 32 takter.

Sentrale aktørar

Det er mange som har vore viktige for utforminga og utviklinga av sjangrane innanfor elektronisk dansemusikk. Nokre dømer:

  • Frankie Knuckles (house)
  • Daft Punk (house)
  • Juan Atkins (techno)
  • Nina Kraviz (techno)
  • DJ Tiesto (trance)
  • Armin van Buuren (trance)
  • Goldie (drum and bass)
  • Grooverider (drum and bass)

EDM-inspirert popmusikk

I dag er EDM særskilt framtredande i popmusikk. Mykje av det som kallast EDM, kan eigentleg definerast som ein type danseinspirert pop eller det Billboard omtalar som hot dance eller top dance. Nokre eksempel på dette er Rihanna og Calvin Harris sin låt We Found Love (2012), Alan Walkers Faded (2015) og Titanium (2011) med David Guetta og Sia.

Det er også eit mangfald av festivalar som utelukkande konsentrerer seg om denne forståinga av EDM, noko som understreker populariteten til musikkstilen. I ein norsk kontekst har vi blant anna Findings Festival som blir arrangert på Bislett stadion i Oslo.

Relaterte sjangrar

House, trance og techno er blant dei større sjangrane innan elektronisk dansemusikk-feltet som oftast blir referert til og forstått som EDM.

I tillegg finst det eit mangfald av undersjangrar innanfor kvar av dei større sjangrane som heile tida utviklar seg. Det kan tidvis vere utfordrande å skilje nokre av desse undersjangrane frå kvarandre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg