tropisk house

Matoma under konsert i foajeen i Den Norske Opera & Ballett, 12. februar 2016. 

Matoma av /NRK. CC BY 2.0

Tropisk house er ein undersjanger av house og har sitt opphav frå 2010-talet. Norske EDM-artistar som Kygo og Matoma har vore sentrale i populariseringa av musikkstilen i mainstream pop.

Faktaboks

Uttale

tropisk haus

Også kjent som

tropical house

Musikalske kjenneteikn er typiske element frå house som four-to-the-floor trommemønster og bruk av syntesizer. Tropisk house har ofte eit tempo på 100-115 bpm (taktslag per minutt) som er noko saktare enn andre housesjangrar. Lydbiletet er karakterisert av instrument som saksofon, marimba, steel drum og fløyter som kan vekke assosiasjonar til sommar og tropiske regionar grunna opphavslanda til instrumenta. Musikken omtalast ofte som avslappa og melodisk.

Sentrale aktørar innan tropisk house er Kygo, Matoma, Thomas Jack og Robin Schulz.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg