Trance er ein musikksjanger tilhøyrande elektronisk dansemusikk (EDM) med røter frå Tyskland og Europa tidleg på 1990-talet. Sjangeren henta i byrjinga inspirasjon frå ravefenomenet, samt house- og technomusikk, og kan kjenneteiknast ved sin utstrakte bruk av synthmelodiar, trommevirvlar og sitt raske tempo. 

Trancesjangeren vart til i Tyskland på byrjinga av 90-talet som eit etterspel av ravefenomenet i Storbritannia, kombinert med inspirasjon henta frå house og techno. Frankfurt blir rekna som fødebyen til trance. Sjangeren vart etterkvart spesielt populær i Europa. Det kommersielle høgdepunktet til trance blir rekna til slutten av 90-talet og tidleg på 2000-talet, men vi finn også i dag eit mangfald av store trancefestivalar rundt om i verda.

Som sjangernamnet foreslår er funksjonen og målet til mykje trancemusikk å skape ein oppløftande, emosjonell og transeliknande tilstand som kan minne om ekstase og eufori.

Stilistisk er musikken prega av mykje bruk av synthtema og trommevirvlar. Tempoet er nokså raskt og held seg mellom 125 - 150 slag per minutt. Trance består av mange musikalske løft og byggingar som blir gjort gjennom såkalla ‘breakdowns’ og ‘build-ups’ som er både lange og kraftige samanlikna med korleis desse seksjonane er forma i andre EDM-sjangrar.

Ein typisk trancelåt vil ha ei vokallinje sunge av ein kvinneleg vokalist i eit høgt toneleie, og ofte med ein emosjonelt lada tekst. Synthane brukt i trancemusikk er kjenneteikna ved å bestå av insisterande og massive lydar. Desse blir satt saman med eit såkalla four-to-the-floor-trommemønster med ukompliserte rytmar. Ideelt sett skal dette i lag med synthane skape ein repeterande og suggerande, transeliknande effekt. 

Trance har fleire element til felles med sjangrane house, techno og rave, og trance har, som sine beslekta EDM-sjangrar, også mange underkategoriar. Nokre av dei mest utbreidde subsjangrane er: ‘acid trance’, ‘progressiv trance’, ‘uplifting trance’, ‘goa trance’ og ‘hard trance’. 

Sentrale DJar innan trancefeltet er Tiësto, Armin van Buuren, Paul van Dyk og Paul Oakenfold.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.