Aretha Franklin i 1987
Ei rekke av afrikansk-amerikanse artistar, mellom anna Aretha Franklin, starta å synge i kyrkja.
Aretha Franklin i 1987
Av /Getty/Sygma.
Gospel
Bøn etter øving i eit gospelkor i Pittsburgh. Koret spesialiserer seg på tradisjonell, afrikansk-amerikansk religiøs musikk som spirituals og tidleg gospel.
Gospel
Av /AP/NTB.

Gospel er ein kristen songform som oppstod i afrikansk-amerikanske kyrkjelydar i USA i løpet av 1920- og 1930-talet. Formen oppstod i store byar som Chicago, New York og Detroit. I gospelmusikken skapte afrikansk-amerikanarar sin eigen musikksjanger, med påverknad frå både religiøs og sekulær musikk: spirituals, europeiske hymner, blues, country, ragtime og jazz. Kjernen i gospeluttrykket er personleg formidling gjennom kjensler og erfaring, der personleg vitnesbyrd, bøn, glede og håp står sentralt. Det skal følast ekte, både av utøvar og av forsamling eller publikum.

Faktaboks

Uttale
gˈåspəl
Etymologi
engelsk ‘evangeliesang’
Også kjend som

internasjonalt Black gospel

Energien og syngemåten i gospelmusikken har påverka svært mykje av populærmusikken som finst i dag, særleg soul og r&b. Soulmusikken frå 1960-åra og framover er i stor grad ei verdsleg utgåve av gospel, og ei rekke av afrikansk-amerikanske artistar, mellom anna Sam Cooke, Aretha Franklin og Whitney Houston starta å synge i kyrkja. I rocken finn ein også mange kjenneteikn frå gospel-musikken, mellom anna backbeat, kraftig og ekstrem stemmebruk og ofte call and response (vekselsang). Rocken har også henta former for kommunikasjon og deltaking på konsertar frå gospel.

Sidan starten av 1930-talet har gospel utvikla seg i mange ulike retningar. Som stil har gospel aldri vore statisk, den har heile tida vorte påverka av annan populærmusikk, og vice versa. Fellestrekket på tvers av alle retningar er tekstinnhaldet og songstilen. Gospelsongarar og gospelkor finst i dag over heile verda, i mange forskjellige kulturar og land. Gospel lever framleis som kyrkjemusikk i afrikansk-amerikanske kyrkjer i USA, men mange stader er gospel i tradisjonell form erstatta med moderne popmusikk, såkalla Contemporary Christian Music (CCM).

Den menneskelege stemma – til solisten, koret og veldig ofte predikanten – er essensielt i gospelmusikken. Det er desse som ber bodskapen i tekstane. Koret syng for det meste tre stemmer (sopran, alt og tenor) og stemmene er enkelt harmonisert og beveger seg parallellt slik at det skal gå raskt å lære utanåt. Ein kan ta i bruk dei fleste instrument saman med songen, men tangentinstrument har vore det mest sentrale instrumentet. På tangentane kunne ein spele rytmisk og perkusivt, og tonar i fleire oktavar. Tamburinar og andre rytmeinstrument vart mykje brukt i kyrkjene. Mange hadde med sin eigen tamburin til gudstenesta for å delta i det musikalske fellesskapet, noko ein framleis ser i dei kyrkjene som brukar mest tradisjonell gospel. Då hammondorgelet kom på slutten av 1930-talet fekk det raskt plass på podiet i kyrkjene saman med piano eller flygel. Hammondorgelet kunne gjenskape dei store kontrastane i gospelmusikken, og er i dag det instrumentet som saman med songstemma definerer gospelsounden. I moderne gospel er band-instrumenta og hammondorgelet kjernen, men ein tek også gjerne i bruk både strykarar og blåsarar.

Bakgrunn

Kor i en baptistkirke i 1945.
/National Archives Catalog.

Gospel kombinerte sekulær musikk og røtene frå den afrikansk-amerikanske religiøse musikktradisjonen på ein ny måte og vart raskt svært populær. Dette skjedde i ei svært vanskeleg tid for svarte amerikanarar, som var prega av den store økonomiske depresjonen, andre verdskrig, rasekonfliktar og kamp for sosial endring gjennom borgarrettsrørsla. Gospelsongen vart ein reiskap for å skape identitet, tilhøyrsle, optimisme, håp og sosial rettferd.

Gospel tyder «gode nyheiter» og er ordet som brukast på engelsk for evangelia i Det nye testamentet. Evangelia fortel om Jesu liv og virke, frelse og tilgjeving, og den kristne bodskapen om Jesu død og siger over døden. Ordet gospel har vore brukt om musikk sidan midten av 1800-talet (første gong brukt på trykk i 1874) som ei beskriving av kyrkjesong med påverknad frå populærmusikk, også om såkalla kvit gospelmusikk. I USA er det vanleg å bruke omgrepet Black gospel for å definere det som ein i Noreg beskriv som gospel. Då snakkar ein ikkje berre om ein musikkstil, men også om ein kultur. Å bruke omgrep som kvit og svart i denne samanheng handlar ikkje om etnisitet, men om ein måte å musisere på.

Omgrepet Black gospel vart først teke i bruk på slutten av 1800-talet for å beskrive ein særeigen musikkultur som utvikla seg i afrikansk-amerikanske religiøse rørsler («Holiness and Sanctified movements»), ein kultur som forsterka seg under første verdskrig. Dei afrikanske røtene frå spirituals og shouts, med kompliserte rytmar, kraftige tonar, respons, deltaking og improvisasjon smelta saman med kristen tilbeding. Kulturen var intens, spontan og karismatisk, med fokus på at Den heilage ande skulle kome til uttrykk, ofte gjennom tungetale, profetisk tale og ekstase. Songen var like viktig som preika. I mange tilfelle vart også preika sunge og improvisert, med høglytt og engasjert respons frå forsamlinga. Stemninga i desse møtene vert i skriftlege kjelder beskrive sterk og ekspressiv der kjensler, song, dans og bøn smelta saman til eit fellesskap. Dei hadde ikkje kyrkjekor eller orgel, men song sjølve og brukte triangel, trommer, symbalar og tamburinar.

Gospelmusikkens kjerne

Det viktigaste kjenneteiknet i gospel er at musikken er personleg orientert. Utøvaren sin ekte formidling og deltaking er like viktig som musikken i seg sjølv. Teksten og formidlinga av den kristne trua er viktig, og viser seg igjennom eit kjenslefylt uttrykk og personleg fysisk respons. Det viktig å bruke sitt eige uttrykk og ikkje berre etterlikne andre. Den same songen bør syngast ulikt kvar gong. Songstilen er uttrykksfull og intens, der ein ofte nyttar heile stemmeregisteret både i tonar og dynamikk, med utstrakt bruk av bluenotes, «moans», «riffs and runs» og improvisasjon. Improvisasjon skjer både i melodi og rytme, og gjerne også i musikalsk form med bruk av mykje repetisjon. Som regel syngast det sterkt og energisk, med mykje bruk av twang.

Medan spirituals og blues ofte har ein klagande tekst, er gospeltekstane meir optimistiske. Setningane er ofte enkle og kan synast banale, men er laga for å bidra med håp, tru og positiv tenking inn i ein vanskeleg kvardag. Bruk av gester og rørsle, tramp og klapping i takt med musikken er ein viktig del av den personlege deltakinga. Bruk av tempovariasjonar er eit sentralt verkemiddel i gospel.

Tidleg gospelstil 1930–1945

Sister Rosetta Tharpe

Gospel var en av forløperne til rock. Den amerikanske gospelsangeren, gitaristen og låtskriveren Sister Rosetta Tharpe var en viktig stilskaper og forløper til rocken.

Av /NTB scanpix.

Den tidlege gospelstilen blir av nokre kalla gospel-blues-stil, tradisjonell gospel eller historisk gospel. Den hadde tydelege koblingar til tradisjonelle songstilar som hymner, blues og spirituals. Den var moderne, men enkel og ukommersiell. I den tidlege gospelmusikken var det songaren og etter kvart koret som dominerte, gjerne med akkompagnementpiano og tamburinar. Bruk av call and response, vekselsong der ein solist eller pastor syng ein frase som får «svar» frå koret eller forsamlinga, er særleg tydeleg i tradisjonell gospel. I 1939 vart hammondorgelet for første gong teke i bruk i First Church of Deliverance i Chicago, introdusert av pastoren Clarence Cobbs. Moglegheitene for variasjon og etterlinkning av «shouts» i hammondorgelet gjorde at det raskt vart eit viktig instrument i gospel-sounden. Dei sentrale utøvarane og komponistane i denne perioden blir kalla «gospel pioneers».

Charles A. Tindley (ca. 1859–1933) er beskrive som forløparen til gospel. Han var pastor i metodistkyrkja og skreiv kraftulle songar med bodskap om trøyst og lindring for fattige og vanskelegstilte. Songane han laga inneheldt bluesprega melodiar, jazz-synkoperingar og materiale som eigna seg for improvisasjon. Tekstane var prega av bibelske og folkelege bilder og ordtak som afrikansk-amerikanarar særleg kunne relatere seg til, og refrenga var enkle å synge. Han kombinerte gjerne delar av kjente folkehymner og spirituals i songane sine.

Det var først då bluespianisten Thomas A. Dorsey (1899- 1993), også kalla Georgia Tom og seinare «the Father of Gospel Music», kombinerte kvardagslege religiøse tekstar med melodikk og harmonikk frå blues- og jazzmusikk at gospel vart forma. Sjukdom gjorde at Dorsey vart omvendt til kristen tru. Han skreiv songen som seinare skulle beskrivast som den første gospelsongen, «Precious Lord, take my hand», etter at kona og den nyfødde dottera døydde. Då braut han fullstendig med det sekulære og starta å skrive kristne songar, «Gospel songs». Han vart «minister of music» i Pilgrim Baptist Church i Chicago, starta det første gospelkoret i 1932 og reiste mykje rundt, mellom anna med Sallie Martin og Mahalia Jackson. Dorsey brukte bluesskjema, bluesskala og synkopert rytmikk frå jazz og kombinerte dette med religiøse tekstar, noko som i starten skapte skepsis i svarte forsamlingar. Men dette endra seg raskt.

Mange gospelsongarar vart populære også utanfor kyrkja, og kunne skaffe seg eit levebrød. Gospel som musikksjanger vart difor raskt ein del av den kommersielle musikkindustrien og levde etter kvart to parallelle liv – eit innanfor gudstenestene– og eit liv på konsertscenar og i media. Og på same måte som gospel tok i bruk verkemiddel frå sekulær musikk, tok sekulær musikk i bruk den nye gospelmusikken, ofte til frustrasjon for gospelkomponistane som hadde laga musikken til gudstenestebruk.

Sentrale utøvarar og komponistar

Mahalia Jackson

Mahalia Jackson var ein sentral utøvar i tidleg, tradisjonell gospel.

Av /KF-arkiv ※.

Eksempel på songar i tidleg gospelstil

  • «Precious Lord, take my hand» – Thomas A. Dorsey
  • «Move on up a little higher» – Mahalia Jackson
  • «Just a closer walk with Thee» – Sallie Martin

Tradisjonell gospel 1945–1970

Det var framleis svært tøffe tider for dei svarte i USA etter andre verdskrig både økonomisk og sosialt. Rasehat og segregering prega kvardagen. Store mengder etterkomarar etter slavar migrerte frå sørstatane til dei store byane (the Great Migration) og kyrkjene vart samlingspunktet deira. Gospelmusikken vart sentral i kampen for sosial rettferd med songar som «Oh, freedom».

I denne perioden vaks det fram ein meir progressiv gospel-stil, med pastoren W.H. Brewster som forløpar. Brewster var predikant i East Trigg Baptist Church i Memphis der Elvis Presley fann mykje inspirasjon. Songane til Brewster fekk stor betydning for den vidare utviklinga av gospel. Brewster var den første som kombinerte blues med triol-underdelingar (valseform). Tekstane hans var poetiske og rike på levande og aktuelle folkelege bilder. Han byrja å skrive for fleire gospelsongarar, mellom anna songen «Move on up a little higher» som gjorde Mahalia Jackson berømt. «Brewster- skjemaet» var meir komplisert og variert, med ein roleg og fri introduksjon, midt-refreng i medium tempo og ein triumferandre finale med melodisk og rytmisk klimaks.

Denne stilen utvikla seg vidare til ein meir progressiv pop-gospel med mellom anna pastoren James Cleveland som i ettertid har fått kallenamnet «The Crown Prince of Gospel». James Cleveland, oppvaksen i kyrkja til Dorsey i Chicago, brukte eit kraftig og upolert song-uttrykk og laga songar med store musikalske spenningar, utsvevande arrangement og harmoniseringar, taktskifter og kombinerte det med enkle kor-arrangement og enkle tekstar. Den progressive gospelmusikken til Cleveland var prega av drivande beat, improvisasjon, til tider avanserte harmoniske mønster, synkopert rytmikk, funky riff og triol-underdelingar. Raske songar gjekk ofte i 4/4-dels takt med betont 2. og 4. slag og walking bass, til dømes «I´ve got a feeling». Langsame songar gjekk ofte i ¾-takt eller 6/8-takt, slik som «Jesus is the best thing». Songstilen var kraftig og upolert med mykje bruk av growling og rop (shouts).

James Cleveland påverka mange nye songskaparar og arrangørar i det meir progressive med tydeleg påverknad frå rock´n´roll og rhythm and blues. Cross-over-artistar og produsentar brukte den intense gospelstilen saman med verdslege tekstar og skapte soul.

Mange gospel-grupper vart no danna, mellom anna The Ward Singers, The Pilgrim Travelers og The Soul Stirrers, som skapte en moderne kvartett-sound. Soul-artisten Sam Cooke starta sin karriere i The Soul Stirrers. Gospel-gruppene reiste rundt på turnear og spelte inn plater med dei tradisjonelle gospelsongane, og bidrog til å spreie gospelmusikken.

Gospelkoret vart no for alvor ein viktig del av gudstenesta i dei svarte kyrkjelydane. Koret forsterka harmoniane og energien i musikken. Kvart kyrkjekor fekk sin eigen, gjerne fargesterke, kor-kappe. Bruk av mikrofonar var ikkje vanleg i koret, trass i at instrument som hammondorgel, trommer, bass og etter kvart elgitar gjorde sitt inntog. Ein måtte synge sterkt, og kora i dei største kyrkjene kunne bestå av fleire hundre personar. I tillegg til kyrkjekor vart det starta Community Gospel Choirs over heile USA. Desse var ikkje nødvendigvis knytt til ein særskilt kyrkjelyd.

Sentrale utøvarar og komponistar

  • W. H. Brewster
  • Roberta Martin
  • Clara Ward / The Ward Singers
  • Pilgrim Travelers
  • The Soul Stirrers
  • James Cleveland

Contemporary gospel (1970–1990-talet)

Ny gospelmusikk som kom i perioden frå 1970-talet og framover vert i dag kalla «Contemporary gospel». Edwin Hawkins Singers slo igjennom verda over med låta «Oh Happy Day» som var ein ny versjon av ein gamal song. Gospelmusikken vart etter kvart også teke i bruk i mange kvite kyrkjer og forsamlingar i USA, litt meir polert i uttrykket.

Det vart meir og meir vanleg for svarte musikarar å studere klassisk musikk, og desse kom gjerne attende til kyrkjene og kunne lære bort songteknikk og finpusse uttrykket i kora. Mange kyrkjekor perfeksjonerte musikken og gav ut plater og turnerte med både kora og musikarane saman med kjente namn som James Cleveland og Edwin Hawkins. Richard Smallwood hadde klassisk utdanning, og fekk også stort nedslagsfelt med sin musikk der han kombinerte det klassiske med både tradisjonelt og moderne uttrykk.

Andrae Crouch er rekna som hovudpersonen for utviklinga av Contemporary gospel, og er kalla «the Godfather of Contemporary gospel». Hans musikk var litt meir sofistikert og påvirka av musikken på vestkysten, og litt mindre dramatisk enn det upolerte og ekstreme uttrykket ein fann i den tradisjonelle og progressive gospelmusikken. Dette gjorde musikken meir tilgjengeleg på tvers av rasekultur og land. «I surrender all» er ein av dei mange kjente songane Crouch laga, og er brukt og oversatt til fleire språk.

Sentrale utøvarar

  • Edwin Hawkins
  • Andrae Crouch
  • Richard Smallwood
  • Yolanda Adams
  • Hezekiah Walker

Urban contemporary gospel (1990- talet og framover)

På 1990-talet vart Kirk Franklin den som skulle ta gospelmusikken i ei ny retning. Franklin laga ny gospelmusikk med element frå mellom anna rap, r&b og funk. Han engasjerte ulike kor, songgrupper og kjente artistar til å framføre musikken, og agerte sjølv som dirigent og rap-utøvar på konsertar. Mellom anna har Bono vore solist på Franklin sine utgivelsar, noko som har vore med på å etablere han som ein artist på linje med James Cleveland sin popularitet på 1960-talet. Låta «Hosanna» er ein av Kirk Franklin sine mest kjente låtar. Den litt rolegare «My life, my love, my all» er eit anna eksempel. Kurt Carr sin song «In the Sanctuary» er eit anna eksempel på ein song som raskt spreidde seg til ulike gospelkor verda over. Mange av komponistane og artistane innan Contemprary gospel gjekk også etter kvart i retning Urban contemprary gospel, men ein vekslar gjerne mellom uttrykka. Stilretningane lever vidare parallellt og er ikkje statiske.

Gospel sin tydelege kobling til den afrikansk-amerikanske kyrkja har i dag blitt meir og meir usynleg. Musikken i kyrkjene har også vorte meir variert og besrikvast oftare som «Praise & Worship» eller Contemporary Christian Music (CCM). Gospelkor-sounden er i dag etterlikna og brukt i mykje populærmusikk uavhengig av tekstinnhald eller kyrkje-tilhøyrsle, og gospel-grupper og artistar kan få stor popularitet utan å tilhøyre ein særskilt teologisk eller kyrkjeleg retning, til dømes Kanye West (Ye) sin «Sunday Service Collective» og Maverick City Music.

Sentrale utøvarar og komponistar

  • Kirk Franklin
  • Mary Mary
  • Kurt Carr og The Kurt Carr Singers
  • Fred Hammond

Gospel i Noreg

Med Contemporary gospel, særleg inspirert av Edwin Hawkins og Andrea Crouch, vart gospelsjangeren spreidd over heile verda, og i Noreg vart den særleg populær innan tensing-miljøa. På 1970- og 1980-talet vart grupper som TVERS, mini-TVERS, Børud-gjengen og Frisk luft veldig populære i kristne miljø. Også mange svenske grupper fekk stor innflytelse på dei norske, mellom anna Choralerna.

I Noreg finst det i dag fleire kor som har spesialisert seg på gospelmusikk, slik som Oslo Gospel Choir, Safari, Reflex, Norwegian Gospel Voices, Gospelkoret HIM, Stavanger Gospelkor, Voice of Joy og Gospelcompagniet. Soul Children- rørsla, grunnlagt av Ragnhild Hiis Ånestad, er svært inspirert av gospel-kulturen og har over 100 barne- og ungdomskor i Noreg. Samuel Ljungblahd er ein gospelartist frå Sverige som har hatt mykje å seie for Urban contemporary gospel i Noreg, i tillegg til Kirk Franklin.

Sentrale norske gospelkomponistar

  • Arnold Børud
  • Tore Aas
  • Martin Alfsen
  • Eirik Kaasa

«The Black Church» som inkubator for populærmusikk

Mange som byrja som utøvarar innanfor den afrikansk-amerikanske kyrkja skapte seg eit levebrød i den sekulære musikkindustrien. Soul og r&b-songarar som Sam Cooke, Aretha Franklin, Little Richard, Ray Charles og Whitney Houston starta alle med å synge gospel i kyrkja. Sister Rosetta Tharpe som var ei av gospel-pionerane, er i dag av mange kalla for «the Godmother of Rock and Roll» på grunn av sin særeigne songstil og gitarspel. Ho var ei inspirasjonskjelde for namn som Chuck Berry, Little Richard, Elvis Presley og Johnny Cash, og song ofte saman med Benny Goodman som var ein kvit jazzkomponist og utøvar. I dei siste tiåra har artistar som Kirk Franklin og Yolanda Adams veksla mellom sekulær og kristen musikk og blitt verdskjente.

Andre former

Omgrepet gospel er internasjonalt brukt om fleire former for kristen musikk enn «Black gospel». «Country gospel» og «Southern gospel» beskriv ein kvit tradisjon med tette band til sørstats-områda (særleg Nashville). «British gospel» brukast om gospelmusikken slik den har utvikla seg i Storbritannia, i fellesskap med sterke røter til karibisk og afrikansk kultur.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haugland, Anne (1995). “Sing praises to the King!” – fra estetikk til eksistens. En studie av afroamerikansk religiøs musikktradisjon slik den utfolder seg i gudstjenestelivet i Canaan Baptist Church med fokus på musikkens bruk og betydning. Universitetet i Oslo.
  • Heilbut, Anthony (1997): The Gospel Sound – Good news and bad times. Limelight edition, 5. utgåve.
  • Horne, Per Gunnar (1979). Gospel: arbeidsbok med noteeksempler. Aschehoug. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013012506281
  • Rolfsnes, G. S. A. (2002). "If you feel something, you're not going to sit there, you're going to move!" : en studie i gospelmusikk og korleis den kjem til uttrykk i First Church of Deliverance, ein svart kyrkjelyd i Chicago (p. 207). G. S. A. Rolfsnes.
  • Solvang, O. (2019). Rytmer rett i hjertet : en beretning om den kristne populærmusikkens historie i Norge. Falck forlag.
  • Wilson-Dickson. (1992). The story of Christian music : from Gregorian chant to black gospel : an authoritative illustrated guide to all the major traditions of music for worship (p. 256). Lion Publ.
  • Walker, Wyatt Tee (1992): “Somebody´s Calling My Name – Black Sacred Music and Social Change” . 6. utgåve, Judson Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg