Techno er ein musikksjanger innanfor elektronisk dansemusikk (EDM) med opphav frå Detroit i Michigan på 1980-talet. Techno vart globalt populært på 90-talet.

Musikkstilen kan skildrast som repeterande instrumental dansemusikk med fokus på kompliserte rytmar og perkussive element, framfor melodiske, i tillegg til kreativ bruk av musikkproduksjonsteknologi. 

Inspirert av Kraftwerk og anna elektronisk musikk frå Europa, byrja Juan Atkins, Derrick May og Kevin Saunderson («the Belleville Three») å produsere techno i Detroit på midten av 80-talet. Dei var interesserte i ny teknologi og framtida, og musikken vart tydeleg influert av dette. I byrjinga var EDM-scenene i Detroit og Chicago, housemusikken sin fødeby, relativt isolerte fenomen, men gjennom Storbritannia vart musikken frå desse byane vidt kjent. Den USA-produserte technoen ekspanderte mellom 1990–92 til Europa og gjorde seg særleg gjeldande i Tyskland og Berlin.

Techno er produsert i 4/4 med eit tempo mellom 120–150 slag per minutt. Nesten utelukkande er musikken instrumental og følgjer det diskoinspirerte trommemønsteret four-to-the-floor. Techno fokuserer på perkusjon og komplekse rytmar i form av synkopar og polyrytmikk framfor melodiske linjer og motiviske utviklingar. Dei tidlege technoprodusentane blanda europeisk synthpop-element med kjenneteikn frå blant anna house, soul, funk og disco, og eit sentralt estetisk element er kreativ bruk av musikkproduksjonsteknologi.

Samanlikna med house og trance, har techno færre musikalske lag og byggingar som fører til ein meir repeterande musikk med jamnare energi. Sjangeren blir ofte kalla DJ-vennleg, då den gjerne er produsert for å kunne saumlaust knyte saman låtar i eit DJ-set.

Techno har etterkvart utvikla seg til å inkludere mange undersjangrar. Aktørar som Aphex Twin, Hardfloor, Prodigy, Chemical Brothers, Moby og Plastikman har gjort sitt for å markere technomusikk på mainstream-marknaden.

Ofte blir techno-termen feilaktig brukt som eit samleomgrep for all elektronisk dansemusikk. 

House, trance og rave er dei sjangrane innan elektronisk dansemusikk-feltet som oftast blir satt i samanheng med techno.

I tillegg finnast det ei rekke undersjangrar knytt til techno, som til dømes hardcore techno, minimal techno og acid techno. 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.