Blodørn er ein avrettingsmetode som er skildra i den norrøne litteraturen. I kjelder frå mellomalderen blir det fortalt at ein drap ein fiende ved å «riste blodørn» eller «riste ørn» på han.

Det å riste blodørn er skildra på to ulike måtar, anten ved å lage eit riss av ei ørn i ryggen på offeret med ein kniv, eller å skjere laus ribbeina frå ryggsøyla og trekkje ut lungene. Ribbeina blei då bretta utover, slik at dei kunne minne om ørnevenger.

Kjeldene fortel om fire personar som skal ha blitt utsette for blodørn:

  • Sigurd Fåvnesbane rista blodørn på Lyngve som hemn for drapet på Sigurds far, Sigmund. Dette er nemnt i Reginsmál (strofe 26) og i Tåtten om Norne-Gjest (kapittel 6).
  • Orm Storolvsson rista blodørn på jotunen Bruse i Tåtten om Orm Storolvsson (kapittel 9).
  • Ivar Beinlause rista blodørn på kong Ælla av Northumbria som hemn for drapet på Ivars far, Ragnar Lodbrok. Dette er skildra i Soga om Ragnar Lodbrok (kapittel 17), i Tåtten om Ragnarssønene (kapittel 3) og i Saxos Gesta Danorum (IX,315). I verkelegheita fall kong Ælla i slaget ved York i 867.
  • Einar jarl av Orknøyane rista blodørn på Halvdan Håføtt/Hålegg, kong Harald Hårfagres son, som hemn for drapet på Einars far, Ragnvald jarl. Dette er skildra i Heimskringla (Soga om Harald Hårfagre, kapittel 30–31) og i Soga om orknøyingane (kapittel 8). I skaldekvad tilskrive Einar sjølv står det derimot at Halvdan fall i kamp.

Sjølv om det å riste blodørn er eit motiv som går igjen i mange sagaer, er det ikkje mogleg å seie at det faktisk har vore utført. Dei to første tilfella er skildra i mytisk-eventyrlege tekstar. Dei to siste tilfella finst det motstridande samtidige kjelder til, og dei norrøne kjeldene, særleg dei om Ragnar Lodbrok og sønene hans, som historieskrivaren Saxo truleg også har brukt som kjelde, har preg av eventyrforteljingar.

Religionshistorikaren Jan de Vries antyda at det å riste blodørn opphavleg kunne ha vore ei rituell handling og grunngitt det særleg med ein myte der Odin forvandla seg til ei ørn. I Soga om orknøyingane blir det fortalt at handlinga var eit offer til Odin, og det blir hevda at skildringa i dei mange kjeldene har ei så fast form at det kan minne om ei rituell handling. Dette synet er likevel ikkje allment akseptert.

Norrønfilologen Roberta Frank meiner at skildringa i sagaene ventar på ei misforståing av kenningar i skaldedikta, kenningar som skildrar åtselfuglar som klorar opp ryggene på dei overvunne fiendane på slagmarka.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Frank, Roberta: Viking Atrocity and Skaldic Verse. The Rite of the Blood-Eagle. English historical review, 99/1984. 332–343.
  • Hovstad, Johan 1948: Heim, hov og kyrkje. Studiar i norrøn etikk. Oslo.
  • Näsström, Britt-Mari 2001: Blot. Tro og offer i det førkristne Norden. Oslo.
  • Storm, Gustav 1877: Ragnar Lodbrok og Lodbrokssønnerne. Kristiania.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg