Tått er ein norrøn litterær sjanger som består av korte forteljingar. Tåttar står inni lengre soger, men har sjølvstendig og avslutta innhald som ikkje har direkte samanheng med det som blir fortalt føre og etter i soga. Tåtten er likevel gjerne kronologisk plassert i soga og er gjerne knytt til denne ved ein bestemt stad eller person.

Faktaboks

Etymologi
norrønt þáttr ‘tråd, kordel i tau; avsnitt, kapitttel; lita forteljing’

I europeisk samanheng er tåtten i slekt med eksempel og digresjonar. Tåtten minner også om eventyr, med ei heilskapleg form og klar tematikk; men tåttane skil seg frå eventyra ved at dei er overleverte til oss som litterære produkt, ikkje av munnleg tradisjon.

Ei soge kan innehalde fleire tåttar, og tåtten fungerer som ein byggjestein i soga. Dei kan vere sette inn i kongesoger for å illustrere eigenskapar ved kongen, men også for å bryte opp ei lang sogeforteljing med kortare og komiske innslag.

Synsvinkelen i tåttane er gjerne lågætta eller fattige menn, til skilnad frå dei store sogene der hovudpersonane er rike og mektige hovdingar eller kongar. På mange vis kan hovudpersonen i ein tått minne om Oskeladden i folkeeventyra. Tåttane syner fram ein sosial motsetnad som stundom kan oppfattast som samfunnskritikk.

Islendingetåtten

Dei fleste tåttane er av eit slag som har vore kalla «islendingetåttar». Desse har ein islandsk hovudperson. I 1972 analyserte den amerikanske filologen Joseph C. Harris 31 slike tåttar og kunne beskrive ein felles struktur:

Introduksjon

Innleiinga er som oftast ein kort introduksjon av hovudpersonen, der han, som i ei islendingesoge, blir plassert geografisk og i ei slekt. På den måten kunne dei fleste islendingane identifisere han.

Utferd

Etter innleiinga reiser islendingen gjerne ut frå Island, som oftast til Noreg. Islendingen kjem i kontakt med kongen, anten på eiga hand eller med hjelp frå ein nordmann på staden der han kjem i land.

Konflikt

Islendingen kjem i konflikt med kongen. Ofte er det snakk om eit forbod som blir brote eller at ein av kongens menn blir drepen.

Det kan også vere mindre konfliktar: I tåtten om Audun frå Vestfjordane vil kong Harald Hardråde ha ein bjørn som Audun har med seg, men Audun vil heller reise til Danmark og gje bjørnen til kong Svein, som er Haralds fiende. Kongen er svært misnøgd, men lèt Audun dra.

Løysing (forlik)

Deretter følgjer det ei løysing på konflikten, og islendingen og kongen blir forlikte. Dette skjer gjerne ved at slekt og vener grip inn på vegner av islendingen, eller ved at islendingen blir sett på prøve av kongen, prøver som islendingen løyser med stor kløkt. Forliket kan også kome i stand ved at islendingen lagar eit kvad til kongen.

Audun frå Vestfjordane løyser konflikten slik at han, etter å ha vore hjå kong Svein og fått gode gåver av han, fer tilbake til Harald Hardråde og gjev den beste av kong Sveins gåver vidare til han. Det er kong Harald godt nøgd med.

Heimreise og avslutning

Dei fleste tåttane endar med at islendingen fer heim til Island. Det blir gjerne nemnt i korte drag kva han seinare gjorde der og korleis det gjekk med han til slutt.

Det finst mange variantar av denne strukturen, men dei fleste islendingetåttane ser ut til å innehalde konflikt og løysing, og hovudvekta er gjerne lagt på løysing og forlik.

Andre slags tåttar

Sjølv om meir enn halvparten av tåttane kan kategoriserast som islendingetåttar, er det mange som er av eit anna slag. Handlinga treng til dømes ikkje å vere lagt utanfor Island.

Hovupersonen kan også vere nordmann, slik som i Tåtten om Gunnar Tidrandebane: Gunnar er ein norsk handelsmann som kjem til Island. Han drep Tidrande og må unngå å bli utsett for blodhemn. Dette greier han, og etter lang tid kjem han seg tilbake til Noreg.

Ein tått kan også handle om nordmenn i Noreg, til dømes Tåtten om Eindride og Erling, som er ei kjærleiksforteljing om Eindride, son av Einar Tambarskjelve, og Sigrid, dotter av Erling Skjalgsson.

Religiøse tåttar

Religiøse tåttar handlar gjerne om personleg konflikt knytt til kristning, eller dei handlar om verksemda til misjonskongane Olav Tryggvason og Olav den heilage. Temaet i slike tåttar kan vere tilgjeving og forsoning, straff og prøving eller kristent ansvar.

Fornaldertåttar

Nokre tåttar ligg nær fornaldersogene i utforming og innhald. Eit døme er den eventyrlege Tåtten om Torstein Oksefot. Her går vi tilbake til heidensk tid; Torstein «sit på haug» og snakkar med ein haugbue, kjem ut for trollkjerringer i skogen og riv føter av olme oksar. Til slutt døyr han om bord på Ormen Lange saman med Olav Tryggvason.

Overlevering

Det er overlevert meir enn 100 tåttar. Dei fleste står i kongesogehandskriftene Morkinskinna og Flateyjarbók, men ein del står i handskrifter som inneheld islendingesoger, til dømes Möðruvallabók og Vatshyrna.

Utgåver og omsetjingar

Tåtten som sjanger vart identifisert i moderne tid med Jón þorkelssons utgåve av seks tåttar i 1855. I 1904 gav Þorleifur Jónsson ut 40 tåttar, og fleire liknande samlingar kom ut på 1930- og 1940-talet.

Dei fleste tåttane er omsette til norsk. Islendingetåttane er utgjevne samla i Islendingesagaene (Jørgensen & Hagland (red.) 2014), og tåttar er elles omsette enkeltvis, som delar av av soger eller av heile handskrifter, som Flatøybok ved Edvard Eikill (2014–18), eller i samlingar, til dømes Sveinbjørn Aurslands omsetjing av 12 tåttar (1980).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ármann Jakobsson 2014. Íslendingaþættir. Saga hugmyndar. (Studia Islandica, 63.) Reykjavík: Háskóli Íslands.
  • Aursland, Sveinbjørn (oms.) 1980. Snegle-Halle og andre småsoger. (Norrøne Bokverk, 34.) Oslo: Samlaget.
  • Eikill, Edvard (oms.) 2014–2018. Flatøybok, 1–4. Hafrsfjord: Saga Bok.
  • Harris, Joseph 1972. Genre and narrative structure in some Íslendinga þættir, i Scandinavian studies, 44 (1972). 1–27.
  • Jón Þorkelsson 1855. Sex sögu-þættir. Reykjavík: Prentsmiðju Íslands.
  • Jørgensen, Jon Gunnar & Jan Ragnar Hagland (red.) 2014. Islendingesagaene. Samtlige sagaer og førtini tætter. 5 band. Reykjavík: Saga.
  • Þorleifur Jónsson 1904. Fjörutíu Íslendingaþættir. Reykjavík: Sigurður Kristjánsson.
  • Ulset, Tor (utg.) 1978. Utvalgte þættir fra Morkinskinna. Oslo: Dreyer.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg