Faktaboks

Vatne Møbler

Vatne Lenestolfabrikk

Offisielt namn
VATNE MØBLER AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Vatne
Stifta
19.12.2002
Dagleg leiar
Per Arne Sæter
Styreleiar
Per Arne Sæter
Fabrikkbygningar
Vatne Møbler ca. 1970.
Fabrikkbygningar
Av .
Stol
Knut Sæter teikna stolen Raff for Vatne Møbler.
Hvilestol
Vatne Møbler produserer igjen Fredrik Kaysers kvilestol 807 som blei teikna i 1965.

Vatne Møbler er ein norsk møbelprodusent. Firmaet blei etablert av Knut Sæter på VatneSunnmøre i 1946 som Vatne Lenestolfabrikk. Dei er først og fremst kjende for kvalitetsmøblar i hud av designarane Fredrik A. Kayser og Sigurd Resell.

Etablering

Knut Sæter var utdanna interiørarkitekt frå Bergens Kunsthåndverksskole. Dei første møblane teikna han sjølv, og prototypane laga han på eiga hand. I 1947 blei broren Jostein medeigar. Han blei snart salsansvarleg for Austlandet med hovudsete i Halden.

Design

I 1955 engasjerte Vatne interiørarkitekten Gerhard Berg for å teikne ein ny kolleksjon til ei møbelutstilling i Oslo same år. Bergs seksjonssofa Varia blei svært godt motteken.

Fredrik A. Kayser

Seinare same tiåret blei interiørarkitekten Fredrik A. Kayser knytt til firmaet. Han skaffa snart Vatne Møbler internasjonal respekt. Eit av høgdepunkta var Kaysers gyngestol 599. I 1960 fekk Kayser og Vatnes stol 711 førstepremie i ein stolkonkurranse i regi av Bransjerådet for møbel- og innredningsindustrien. Fleire av Kaysers arbeid for Vatne var prega av skikkeleg handverk, forfina former og eksklusiv materialbruk. Blant dei mest kjende høyrer lenestol- og sofaserien 965. Eit av Kaysers viktigaste bidrag til firmaet før han døydde i 1968, var dei laminerte stolane 108 og 109.

Sigurd Resell

Interiørarkitekten Sigurd Resell overtok i 1968 etter Kayser. I løpet av nokre år la Resell om den kunstnariske profilen til bedrifta frå den danskpåverka møbelhandverkarstilen frå Scandinavian design-perioden til ein meir industritilpassa serieproduksjon. I 1970 inviterte Bransjerådet til møbelkonkurransen «Et møbelstykke». Sigurd Resell fekk andrepremie for lenestolen Blankvals. Stolen, som seinare fekk namnet Falcon, blei sett i serieproduksjon av Vatne Møbler året etter. I løpet av to år bidrog Falcon til å tredoble omsetninga til Vatne Møbler. Populariteten førte til at stolen blei kopiert i fleire land. I Danmark blei ein snarlik stol produsert under namnet Super Star. Det enda i ei rettssak som Vatne vann.

Oppkjøpt av Stokke

Under 1980-talet satsa Vatne Møbler meir på prosjektinnreiingar. I 1986 starta Olav Eldøy eit fruktbart samarbeid med firmaet. I 1989 fekk Vatne økonomiske problem og firmaet blei selt til Stokke Gruppen AS. Tre år seinare kjøpte Stokke Gruppen også møbelprodusenten Møremøbler som saman med Vatne Møbler blei til det som i dag er Fora Form.

Reetablering

Knut Sæters son Per Arne Sæter blei med over til Stokke, og ønskte å reetablere familiefirmaet. Det skjedde i 2002, saman med Randi Hustøft og Terje Ulvestad. Ein ny kolleksjon blei lansert saman med Fredrik A. Kaysers klassikarar, men under finanskrisa hausten 2008 blei omsetninga kraftig redusert og produksjonen nedlagd.

I 2010 starta Per Arne Sæter og Randi Hustøft igjen opp firmaet. Dei har no ein klassikarkolleksjon med møblar av Knut Sæter, Fredrik A. Kayser og Sigurd Resell. I tillegg har Eivind Sæter gitt form til taburetten Vatne Otto. Firmaet samarbeider også med Fora Form i Ørsta og Fjordfiesta i Molde om å utvikle nye prototypar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sæter, Amund (2015). Møbeleventyret Vatne, eige forlag
  • Linder, Mats (2011). Norske designmøbler 1940–1975, Samler & Antikkbørsen

Faktaboks

Vatne Møbler
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
31.090 Produksjon av møbler ellers

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg