Vatne er ein tettstad i Haram kommune i . Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,8 km², og har 2485 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg ved botnen av Vatnefjorden, som går sørover frå Midfjorden, Romsdalsfjordens framhald vestover. Her finst møbelindustri (Vatne møbler) og noko konfeksjonsindustri. Vatnevatnet (ti meter over havet) renn ut i fjorden gjennom den stutte Oselva.
Vatne er òg eit sokn i Haram kommune. Det svarar stort sett til fastlandsdelen av tidlegare Vatne kommune (1902–1964), og er den austre delen av Haram kommune. Vatne kyrkje inst ved botnen av Vatnefjorden er ei langkyrkje i tre, bygd i 1868.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.