Trygve Fosstveit

Faktaboks

Trygve Fosstveit
Født
22. april 1919, Drangedal, Vestfold og Telemark
Død
23. november 2004, Sauherad (no Midt-Telemark), Vestfold og Telemark

Artikkelstart

Trygve Fosstveit var kringkastingsmann og folkeopplysningsmann. Han arbeidde i over 30 år i undervisningsradioen i NRK og var drivkrafta bak radiokurs i nordsamisk.

Bakgrunn

Trygve Fosstveit var fødd i Drangedal i Telemark (no Vestfold og Telemark) og døydde i Sauherad (no Midt-Telemark) i Telemark (no Vestfold og Telemark). Han gjekk på Vestmar folkehøgskule i 1937–1938, tok examen artium ved Hornnes landsgymnas i 1944 og lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1949. I tida 1944–1947 var han lærar ved Drangedal private realskule. Etter lærareksamen arbeidde han ved Bekkelaget skole før han byrja i NRK i 1953.

Kringkasting

I 33 år var han i skulekringkastinga, 23 år som leiar. I tillegg laga han diktarportrett, folkemusikksendingar og andre kulturprogram. Han var oppteken av situasjonen for samisk og kvensk og fekk i 1983, i samarbeid med svensk og finsk radio, sett i gang kurs i nordsamisk. Undervisninga var kombinert med brevkurs.

Utgjevingar

Saman med Knut Gjerden gav han ut boka Folk og fjell – daglegliv på fjellviddene i Hardanger, Telemark og Setesdal (1989). Han skreiv ei rad artiklar om lokalhistorie og kulturhistorie, mellom anna i Jol i Telemark. Fosstveit sat i mange år i styret for Dag og Tid og var aktiv i målrørsla og folkehøgskulerørsla.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noreg Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Karl Bakke (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1952
  • Trygve Fosstveit: «Skoleradio – Skolefjernsyn», i Skolens årbok 1979. Oslo 1979
  • Jon Grepstad: «Skulekringkastinga – språkundervisning med spenning og engasjement», i Språk og språkundervisning, 1–2, 1976
  • Inga Guttorm ofl.: Davvin 1. Nordsamisk for begynnere. Folkets Brevskole og Norsk Korrespondanseskole 1983
  • Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg