Faktaboks

Terje Tysland
Fødd
14. april 1951, Namsos
Terje Tysland

Terje Tysland i 2011.

Av /NTB scanpix.

Terje Tysland er ein songar, musikar og låtskrivar som har sett spor etter seg med vekselvis rebelske og kvardagsprega låtar. Gjennom heile karrieren har han skrive og sunge på trønderdialekt.

Musikkarrieren

Som artist har Tysland hatt ein omfattande karriere. Etter fem år i Namsos-bandet Prudence og meir enn 40 år som soloartist kan han sjå attende på ei lang rekkje turnear og album.

Dei musikalske samarbeidspartnarane til Tysland har vore ulike, men uttrykket hans har heile tida kunna definerast som ein dansbar trønder-cajun, i skjeringspunktet mellom country, rock og gamaldans.

Storparten av desse platene er lanserte av Norsk Plateselskap, som Tysland stifta i 1980 saman med kollegaene Åge Aleksandersen, Hans Rotmo og Gunnar Hordvik. Nokre av platene er spela inn i Tysland sitt eige Tron studio på småbruket hans Vetlenget i Drivdalen i Oppdal. Både gjennom Prudence og som soloartist er han knytt til uttrykket trønderrock.

Prudence

Det var i Prudence at Tysland hadde gjennombrotet sitt som artist. Bandet starta i 1969, med frontfigurane Åge Aleksandersen og Per Erik Wallum. Tysland kom til som trekkspelar og gitarist frå 1971.

Musikken til Prudence kan vi sjå som ei krysning mellom progressiv rock og «lyden frå landsbygda». Ein god del av tekstane til Prudence var på trønderdialekt, og bandet henta element frå folketradisjonen inn i det populære uttrykket. Frå repertoaret deira er Æ e trønder æ (1975) mellom dei sentrale songane. Her vert trønder-folket skildra på godt og på vondt: «Ingen bli så foill som oss. Vi flire høgst tå aill, og vi rape aille mainn (…) Og så e vi jo så arti, vi e klovna aill i hop».

Då Prudence vart oppløyst i 1975, tok Tysland med seg både det musikalske uttrykket og den trønderske merkelappen inn i sine eigne prosjekt. I dei første utgivingane, Stakkars klovn (1977) og Mytji arti (1978), fekk han vist at han stod støtt på eigne bein som soloartist og som låtskrivar. Dei to titlane illustrerer òg ei tematisk spennvidd mellom sorg og glede, og dessutan eit ironisk spel kring medvitet om artisten som underhaldande figur på scena.

Tema og stil

Dei tematiske dreiepunkta for storparten av Tysland sine utgivingar er knytte til alkohol, kvinner, trøndersk bannskap og kvardagsliv. Han har skrive fleire ettertenksame kjærleikssongar og balladar, men oftast står det festlege som utgangspunkt. Titlar som Send mæ en øl, Villt kjør og stor stas og Skål for en deilig dag er av sistnemnde sjanger.

Tysland har ein ubunden humor og nyttar ikkje sjeldan sjølvbiografiske og satiriske tekstar, som frå tid til anna strekkjer seg mot det sjølvmedlidande. Eit av dei seinare døma på dette er teksten han skreiv etter at han vart dømd til eit kort opphald i fengsel for å ha slått til ein politimann. Tittelsporet på plata Din jævel! (1999) handlar om artisten sitt møte med lensmannen ein fuktig kveld, der Tysland i omkvedet «fekk værra me å sjå kæm av oss som va mest gæærn».

Eit anna døme på Tysland sin eksplisitte, men gjerne lune humor, er samleplate nummer to. Denne plata vart gitt ut etter eit visst påtrykk frå plateselskapet og fekk namnet For ett mas! Det beste – på godt og vondt (1996).

Tysland sine songar kan òg innehalde politiske kommentarar. Særleg plata Lidderli gla (2009) tek opp emne som svikt i omsorgssektoren og ytringsfridom.

Mottaking

Dei frivole tekstane til Tysland har ikkje alltid vorte godt mottekne. I NRK fann ein først det direkte uttrykket hans provoserande, og tidleg i karrieren vegra NRK seg mot å spele songane. Den elles populære No går det på rævva! (1982) fekk ikkje vere med på Norsktoppen, kor han har hatt 15 låtar på lista – dei største er Ringdans (1981) og Værra fin (1982). Parallelt er det nettopp det folkelege i Tysland sine skildringar som har gitt musikken hans gjennomslag. Særleg frå midten av 1980-åra tok salstala til å stige, og plata Gutta på by'n (1987) var med på VG-lista i 22 veker.

Album i utval

  • Til moder jord (1979)
  • Send mæ hjæm! (1980)
  • ...Narra igjen! (1982)
  • Oinner bordet (1984)
  • Frekk og fredelig (1985)
  • storselgeren Gutta på by'n (1987)
  • Kainn æ få lov (1988)
  • Værra me' mæ hjæm (1990)
  • Vik fra mæ! (1992)
  • Fullar enn fullmånen (1993)
  • Hurra for mæ (1995)
  • For ett mas! Det beste – på godt og vondt (1996, samleplate)
  • Ein runde te' (1997)
  • Din jævel! (2000)
  • 25 år med glitter & stas (2002, samleplate)
  • Det go'e liv (2004)
  • Lidderli gla (2009)
  • Bare kjærlighet (2015)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jan Eggum, Bård Ose, Siren Steen og Jon Vidar Bergan: Norsk pop & rockleksikon. Oslo, 2013
  • Terje Nilsen: Hardt og fort. Rock og pop i Trondheim i 1970- og 80-årene. Trondheim, 2009.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg