Svein Harberg

Faktaboks

Svein Harberg
Født
30. juli 1958, Bergen, Vestland
Stortinget.

Artikkelstart

Svein Harberg er sjølvstendig næringsdrivande, tidlegare ordførar i Grimstad og er stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder sidan 2009.

Bakgrunn

Svein Harberg er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han gjekk på musikklinja ved Framnes folkehøgskole i 1975–1976 og tok eksamen som driftsøkonom frå NKS i 1982. Han har arbeidd som lagerarbeidar ved Johan Aksdal engros i 1974–1975, ungdomsarbeidar i Indremisjonssamskipnaden i 1978–1980, butikkmedarbeidar Berland matsenter i 1980–1982 og salssjåfør ved Steinar Andersen Agentur i 1976–1978 og ved Bjarte Tolaas Agentur i 1982–1984. Han var senterleiar ved Odden butikksenter i Grimstad i 1988–1993 og salssjef ved Selektiv Invest i 1993–1999. Harberg var sjølvstendig næringsdrivande og dagleg leiar i mellom anna Ønskekjøp, SH Agentur, SH Reiser, Harberg AS og Trainee Sør i perioden 1983 til 2009.

Politisk karriere

Harberg var varamedlem for Høgre i Grimstad kommunestyre i 1995–1999, medlem i 1999–2003 og ordførar i 2003–2007. Han var medlem av styret i Grimstad Høgre i 1989–2009 og medlem i styret i Aust-Agder Høgre i 1991–1993, der han var leiar i 1993–2009. Han var medlem av Aust-Agder fylkesting i 2003–2007, av fylkesutvalet i Aust-Agder i 2007–2009 og medlem av sentralstyret i Høgre i 1993–2009.

Frå 2009 er Harberg vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder. Han var leiar av familie- og kulturkomiteen i 2013–2017 og i kontroll- og konstitusjonskomiteen var han nestleiar i 2017–2021 og andre nestleiar i 2021–2025. Frå 2021 er han første visepresidentStortinget. Han har arbeidd særleg for å synleggjere Aust-Agder, for betre samferdsel og for gode oppvekstvilkår for barn og unge.

Andre verv

Han var medlem av styret og redaktør i Radio Grimstad i 1990–1996, medlem av styret til fotballklubben Jerv i 1991–2000, medlem av Agderrådet i 2003–2007, varamedlem i styret for Agder renovasjon i 2003–2007, leiar av styret for Stiftelsen Grimstad Bys Museer i 2005–2009 og leiar for Stiftelsen Fjordane Utvandrersenter frå 2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg