Stein Ove Berg

Faktaboks

Stein Ove Berg
Født
22. desember 1948, Kløfta i Ullensaker, Viken.
Død
17. juni 2002, Oslo
Stein Ove Berg under LO-kongressen i Folkets hus i 2001, der han mottok LOs kulturelle heiderspris.
/NTB Scanpix.

Artikkelstart

Stein Ove Berg var ein norsk visesongar og låtskrivar. Dei livsfilosofiske tekstane hans prisa skjønnheita i det kvardagslege, og han identifiserte seg med gjennomsnittsmennesket.

Bakgrunn

Stein Ove Berg vaks opp på Kløfta i Ullensaker i Akershus (no Viken).

Musikkarrieren

Etter at Berg debuterte i radioprogrammet Søndagsposten i 1971, fekk han raskt fotfeste som ein talentfull formidlar av underfundige og melankolske viser. Han slo gjennom i 1973 med norsktoppslageren «Manda morra blues» og albumdebuterte året etter med salssuksessen Kommer nå. Tittelkuttet har vorte kåra til ein av Noregs nasjonalviser. Berg platedebuterte med Kommer nå i 1974. Ytterlegare fire album følgde, men etter Bergtatt (17. plass på VG-lista i 1981) vart det stille frå Berg i mange år på grunn av eit rusmisbruk som varte til han vart frelst i 1996. Seinare kom Årgangsviser i 1995 og Det jeg skulle ha gitt i 2002

Tema

Det er eit stort tematisk mangfald i songane til Berg. Å ta vare på den enkle kvardagen er ein sentral bodskap i mange av tekstane. «Kommer nå» (1974) og «Stine Maris vise» (1979) er døme på det. I viser som «Hu som du har» (1977) og «Prøv å se meg som elva» (1980) skildrar Berg korleis kjærleiken mellom to menneske kan ende i tap og einsemd om ein ikkje tek godt nok vare på kvarandre.

Berg skildra også arbeidaren sin kvardag. «Manda morra blues» (1974) og «Ta hverandre i hånda og hold» er viser som er blitt sentrale i repertoaret til arbeidarrørsla. Med viser som «Rollebytte i oppgang A» (1974) og «Hva med kona til Andersen på Skarnes» (1975) var Berg ein av dei første mennene i Noreg som song om likestilling. Fleire av tekstane på hans siste album, Det eg skulle ha gitt (2002), bar preg av den kristne trua hans.

Andre utgjevingar og samarbeid

Berg gav òg ut visebøkene Hestehov og brun beis (1973), Albumblad (1975) og 58 viser (1979). Saman med visegruppa Kniplia Pukkverk spelte han inn La dette bli min sang (1976). På både dette albumet og det Spellemannprisvinnande albumet Visa di (1975) hadde han omsett ein song av Joni MitchellMorning Morgantown (Morgen i byen vår) og Both Sides Now (Skyer). Etter at han døydde, har norske artistar som Henning Kvitnes, Hilde Heltberg og Roy Lønhøiden tolka Berg sine låtar.

Utmerkingar

Tre gonger toppa han Norsktoppen: «Rollebytte i oppgang A» (1974), «Familien Hansen» (1975) og «Vise om ei ny tid» (1976). Berg fekk Spellemannprisen i klassen for visesong i 1975 for albumet Visa di. I 2001 blei han den første som fekk LOs heiderspris.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg