Sonja Irene Sjøli

Faktaboks

Sonja Irene Sjøli
Født
6. juni 1949, Hamar, Innlandet

Artikkelstart

Sonja Irene Sjøli er sjukepleiar, jordmor og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus 1997–2013.

Bakgrunn

Sonja Irene Sjøli er fødd i Hamar i Hedmark (no Innlandet). Ho gjekk på vidaregåande skule på Hamar i 1965–1968, tok sjukepleiarutdanning ved Hedmark Sykepleierhøgskole (no Høgskolen i Innlandet) i 1968–1971, grunnfag i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo i 1973, spesialisering som operasjonssjukepleie i 1974, Statens jordmorskole i 1976 og har mellomfag i sosiologi ved Universitetet i Oslo frå 1986.

Sjøli arbeidde som sjukepleiar ved Moss sykehus i 1971–1973, operasjonssjukepleiar ved Stensby sykehus i 1973–1975, turnusjordmor ved Sentralsykehuset i Akershus i 1977 og distriktsjordmor på Eidsvoll i 1978–1987. Ho var òg redaktør av Tidsskrift for jordmødre og avdelingssjordmor ved Stensby sykehus i 1987–1989.

Politisk karriere

Ho var medlem av Eidsvoll formannskap i 1979–1987, medlem av styret for Eidsvoll Høgre i 1981–1984 og 1994–1997, leiar i 2006–2009, og kommunestyrerepresentant i 1999–2003. Ho var leiar av Akershus Høgre og sentralstyremedlem i partiet i 1994–2003, medlem av Høgres arbeidsutval og leiar av det kvinnepolitiske utvalet i 1998–2000.

I perioden 1993–1997 var ho vararepresentant til Stortinget, og 1997–2013 var ho stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus. Ho var leiar i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen på Stortinget i 2001–2005, og politisk arbeidde ho for betre helsetilbod og eldreomsorg.

Andre verv

Sjøli har hatt ei rekkje verv i utval og styre innanfor helse, svangerskap og fødsel i Noreg og i utlandet. Ho var mellom anna medlem av styret i Norsk Perinatalmedisinsk forening i 1986–1993, medlem av styret i Nordisk Jordmorforbund i 1989–1993, leiar i Den Norske Jordmorforening i 1989–1993 og visepresident i International Confederation of Midwives i 1990–1993, der ho var arbeidande president i 1993–1997. Ho var medlem av Bioteknologirådet i 2013–2017.

Ho var medlem av representantskapet for Eidsvoll Brannkasse og styret i Barnemagasinet A/S i 1997–1999, leiar for rådet for Kvinneuniversitetet i Løten i 2001–2002 og medlem av styret i Medical Aid Foundation i 1994–2002.

Utmerkingar

Sjøli fekk Paul Harris Fellow-medaljen 1998 og blei æresmedlem av Den norske jordmorforening i 1999. Ho blei òg æresmedlem i Eidsvoll Høgre i 2013.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg