Sogningen/Sogns Avis

Sogningen/Sogns Avis /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Sogningen/Sogns Avis var ei avis i Leikanger (no Sogndal) i Sogn og Fjordane fylke (no Vestland), som vart etablert ved samanslåinga av avisene Sogns Avis og Sogningen. Sogningen/Sogns Avis (S/SA) vart igjen slått saman med avisa Sogn og Fjordane i 1993, og skifta namn til Sogn Avis.

Historie

I Leikanger blei Høgre-avisa Sogningen frå sommaren 1959 teknisk og redaksjonelt samkøyrd med Senterparti-avisa Sogns Avis. Avisene var så å seie identiske, men med nokre få skildnadar for å kunne forsvara partiprofilen.

Frå 1972 var dei to avisene Sogns Avis og Sogningen samanslått til avisa Sogningen/Sogns Avis (S/SA). Då var det Sogningen sin redaktør, Hans Arnesen, som tok over. S/SA hadde undertittelen «Politisk uavhengig», men det var tydeleg at det var Sogningen sin meir høgrevridde profil som var grunnsynet i den nye avisa.

I utsjånad vart S/SA snart for ei tabloidavis å rekne, og denne prosessen vart fullført med innføring av halvformatet i 1975. S/SA gjekk jamt under nemninga Sogningen, og blei oppfatta som ei forlenging av den konservative avisa frå 1897. Det siste blei eit problem for Senterpartiet, som då mista all kontroll i avisa.

Suksessen Sogningen hadde hatt heldt fram for S/SA gjennom 1970-åra, og S/SA skulle i løpet av dei neste 20 åra, under redaktør Arnesen, bli fylkets største opplagssuksess. Innan 1983 hadde Arnesen og S/SA erobra opplagstoppen, og opplaget vart igjen nesten dobla, til 8173. Veksten jamna seg ut i 1980-åra, og S/SA hadde sitt beste år i 1992, med eit opplag på 9580. S/SA hadde gjennomslag også i kommunane rundt Leikanger, men hadde konkurranse av Sogn Dagblad, som hadde ein svært sterk posisjon i industrikommunane Årdal og Høyanger.

Arnesen heldt fram som redaktør i S/SA til han døydde i 1987. Han var ein markant redaktør, med ein skarp penn, og han gjekk ikkje av vegen for konfliktar. Kritikarane meinte at han dreiv journalistikk på sladdernivå. Det gjorde at S/SA fleire gonger vart klaga inn for Pressens Faglige Utvalg. Til gjengjeld la Arnesens journalistikk grunnlaget for at S/SA tok att og gjekk forbi avisa Sogn og Fjordane når det galdt opplagstal.

Ti år etter opplagstriumfen kunne eigaren av S/SA, Husabø-familien i Leikanger, sluttføre erobringa av Sogn. I 1993 blei den gamle Venstre-avisa Sogn og Fjordane kjøpt opp og slått saman med S/SA. Den nye avisa fekk namnet Sogn Avis.

Opplag

År Opplag
1983 8173
1992 9580
1998 10815
2008 10085

Fakta

  • Slått saman med Sogns Avis til Sogningen/Sogns Avis (S/SA): fyrste nr. 1.1.1972. Kjøpte avisa Sogn og Fjordane i 1992, endra namn til Sogn Avis 7.1.1993.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 2, 3 og 4. Oslo 2010
  • Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg