Selja Forlag

Artikkelstart

Selja Forlag er eit norsk forlag, skipa i Førde i 1996. Selja Forlag har gitt ut kring 250 bøker, alle på nynorsk, og alle retta mot bokmarknaden på Vestlandet. Viktige stikkord for utgivingane er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst, og dei er først og fremst i sakprosasjangeren.

Torkjell Djupedal, journalist og forfattar, skipa forlaget då han skulle gi ut si eiga bok Selja – kulturhistorisk handbok (1996). Denne første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten. Dei siste åra har forlaget gitt ut 12–15 bøker kvart år. Mellom dei mest kjende titlane er «Opptur»-bøkene med flyfotograferte fotturar og «Fjordamat»-bøkene med vestlandsk tradisjonsmat.

Selja Forlag omsette for 7 millionar kroner i 2017. Forlaget har to tilsette på heiltid: Torkjell Djupedal er forleggjar og Anne Britt Fedøy er marknadsansvarleg og forlagsredaktør. Kontoret i Førde har eige lager, sal og distribusjon.

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg