Faktaboks

Petra Kvisli

fødd Petra Olsen

Fødd
1. mars 1874, Arendal
Død
15. juli 1947
Petra Kvisli
Petra Kvisli
Av /Nynorsk kultursentrum.

Petra Kvisli var lærar og forfattar. Ho var blant dei første kvinnene som skreiv skjønnlitteraturnynorsk, og truleg den første kvinna som skreiv ein roman på dette språket. I tillegg til å skrive romanar om enkeltlagnadar i bygde- og bysamfunn var ho sterkt engasjert i ungdomslag og målsaka. Ho har særleg vore kjend for songen Eg elskar dei voggande tonar.

Bakgrunn

Petra Kvisli
Petra Kvisli
Av .

Petra Olsen var fødd i Arendal i Agder. Etter folkeskulen gjekk ho vidare på lærarskulen i Arendal og arbeidde deretter som lærar i mellom anna Åmli, Stor-Elvdal, Bardu og Ringsaker. Seinare fekk ho stipend til lærarkurs i Seljord i 1894 og ved Vonheim folkehøgskule i 1895. Ho tok lærarskuleeksamen i 1900. I tillegg til å arbeide som lærar arbeidde ho òg ein periode i ulike kommunale råd, slik som provianteringsrådet i Stor-Elvdal under første verdskrigen. Petra vart i 1898 gift med lærar og målmann Knut Kvisli.

Forfattarskapen

Petra Kvisli skreiv til saman fire lengre verk og fleire songar. Felles for desse verka er dyrkinga av eit tydeleg kvinneperspektiv og at handlinga elles ligg rundt den vanskelege kjærleiken og bygdelivet. Det første ho fekk på trykk, var songen Sygjenta syng i Den 17de Mai i 1897. Året etter kom den etter kvart mest kjende songen Eg elskar dei voggande tonar i same avis, og den vart sidan tonesett og trykt opp i fleire opplag. Begge var underteikna med «Hilde» då dei først vart publiserte.

Sidan kom to romanar og to spelstykke. Den fyrste romanen, Birgit (1907), handlar om umogleg kjærleik, plikt og sorg, sett til eit bygdesamfunn. Den neste romanen, Tora Dal (1912), handlar om byjenta Tora som forelskar seg i ein mann som sviktar henne ved å gifte seg med bestevenen hennar. Som enkemann vil mannen gjere eit nytt forsøk med Tora, men ho takkar nei.

Mellom romanane skreiv Kvisli spelstykket Ikkje vaksen (1911). Hovudpersonen i stykket er ein ung mann som ikkje får jenta han vil ha fordi han ikkje vil vekse opp og ta ansvar for livet sitt slik han burde. Det siste ho fekk på trykk, var komedie-spelstykket Elskhug og skoghandel (1914). Handlinga er lagt til ei bygd på Austlandet, med lukkeleg slutt for to kjærastepar, og ein skoghandel som ikkje går etter planen for den slu hovudpersonen Mads. Begge desse spela var mykje spelte i ulike ungdomslag.

Ungdomslagsarbeid og målsak

Petra Kvisli var svært engasjert i den frilynde ungdomsrørsla og i målsaka, trass i at ho kom frå eit lite utprega norskdomsmiljø i Arendal. Ho vart kjend med desse sakene då ho flytta bort frå byen og til dei ulike bygdene der ho var lærar. Engasjementet for norskdomsrørsla auka òg i møte med ektemannen Knut. Ho var etter kvart styremedlem i både det frilynde fylkeslaget Breidablikk i Østerdalen, der Knut Kvisli var formann ein periode, og bladet Breidablikk, der ho sjølv var redaktør.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sørbø, Jan Inge: Nynorsk litteraturhistorie, 2018.
  • Aure, Anton: Kvinnor i den nynorske bokheimen: stutte livsskildringar, 1916.
  • Norsk Allkunnebok band VII s. 782, 1957.
  • Loen, Olav A.: Bygda gav diktarsyn: 25 forfattarportrett, 1970.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg