Faktaboks

Palestinakomiteen i Noreg
Offisielt namn
PALESTINAKOMITEEN I NORGE
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Styreleiar
Line Khateeb

Palestinakomiteen i Noreg er ein medlemsorganisasjon som driv solidaritetsarbeid på mange felt til støtte for palestinarane. Med basis i om lag tjue lokallag landet rundt er mykje av aktiviteten retta mot å vinna brei sympati for palestinarane og deira ønske om å få sin eigen stat. I løpet av 2023, og særleg etter at Israel starta krigen mot Hamas, auka medlemstalet i Palestinakomiteen kraftig — frå om lag 5 200 til nær 10 000 mot slutten av året. Palestinakomiteen er partipolitisk ubunden, men i praksis har den hatt mest støtte på den politiske venstresida.

Haldninga til Israel

Hovedmålet har like sidan starten i 1969 vore å påverka norsk opinion og norske styresmakter til å gå inn for at palestinske flyktningar kan venda tilbake til området dei måtte forlata i 1948, då staten Israel vart oppretta etter FN-vedtak. I praksis vil det i så fall bety at det ikkje er plass til staten Israel, slik den er organisert i dag.

Palestinakomiteen har heile tida gått inn for norsk boikott av israelske varer og tenester. Det har og lenge vore eit krav frå komiteen at Noreg bør bryta dei diplomatiske banda til Israel. Palestinakomiteen omtalar Netanyahu-regjeringa (i 2023) som «ei fascistregjering».

Helsearbeid

Like sidan 1976 har Palestinakomiteen prioritert helsearbeid blant palestinarane, både i flyktningleirane i Beirut i Libanon og i Gaza og på Vestbreidda. Norske helseteam av lækjarar og sjukepleiarar har frå tid til annan ytt stor innsats, også under direkte krigshandlingar.

Haldninga til PLO og Hamas

Palestinakomiteen har like frå starten meint at PLO, den palestinske frigjeringsorganisasjonen, er best eigna til å representera palestinarane. Komiteen vil likevel ikkje stå fram som noko talerøyr for PLO. Palestinakomiteen har og vore nøye med å presisera at den er kritisk til mykje av det Hamas står for og driv med. Terroråtaket mot Israel i oktober 2023, som utløyste krigen på Gazastripa, vart såleis straks sterkt kritisert av Palestinakomiteen. Line Khateeb nemnde i ordskifta like etterpå at komiteen framfor alt fordømer alle åtak på sivile.

I det offentlege ordskiftet er Palestinakomiteen og Med Israel for fred rekna som motpolar. Medan Palestinakomiteen har mest støtte på venstresida, har Med Israel for fred tilsvarande mest støtte på borgarleg side.

Palestinakomiteen gir ut medlemsbladet Fritt Palestina.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Palestinakomiteen i Noreg
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg