Faktaboks

Ottar Brox
Fødd
30. august 1932, Torsken
Verke
Samfunnsvitar og politikar
Familie

Foreldre: Skulestyrar, ordførar og lokalhistorikar Arthur Angel Brox (1901–1973) og lærar Hjørdis Johansen (1901–1986).

Gift 1) 1958 med lærar Bjørg Kristoffersen (1936–), dotter av kontorsjef Middelthon Kristoffersen og Marie Hammervold, ekteskapet oppløyst 1969; 2) 1970 med Inger-Lise Wangsmo (1949–), ekteskapet oppløyst 1971; 3) 1976 med forskar Kirsten Danielsen (1944–), dotter av lektor Aksel Johan Danielsen (1911–2000) og Signy Narvestad (1902–1969).

Ottar Brox i 2017
/NTB.
Ottar Brox
Ottar Brox
Av /Stortingsarkivet.

Ottar Brox er ein norsk sosiolog, sivilagronom og tidlegare politikar. Han var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Troms i perioden 1973–1977, og har elles arbeidd som samfunnsforskar. Ottar Brox har gitt ut ei lang rekkje sakprosautgivingar og er spesielt kjent for Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966.

Brox er ein allsidig samfunnsforskar. Han har ambisjon om å vera folkeopplysar og er ein ihuga talar og debattant, både i faglege og politiske samanhengar over eit breitt felt. Mens det er stadig vanlegare for samfunnsforskarar å halda seg til sitt fagfelt, har han brukt sitt faglege arbeid i den allmenne samfunnsdebatten. Han har engasjert seg politisk for å skapa offentleg interesse for det han har funne ut gjennom forsking, men også brukt sine erfaringar som politikar og debattant som inspirasjon til nye forskingstema.

Bakgrunn

Ottar Brox vaks opp i ein samfunnsengasjert lærarfamilie i utkant-Noreg i ei tid med store forskjellar mellom sentrum og periferi – både økonomisk, sosialt og kulturelt. Det har sett sterke spor både i hans faglege interessefelt og hans politiske aktivitet. Han har tatt vare på sine band til bygde-Noreg og vore engasjert for folk som lever marginalt.

Bygdeopphavet i ein norsk utkant rundt andre verdskrigen sette også sitt preg på utdanninga hans. Brox gjekk ikkje ein strak veg til å bli ein leiande samfunnsforskar i Noreg. Han gjekk landbruksskule i Troms og arbeidde som kontrollassistent i landbruket. Sidan tok han kurs som kvalifiserte til opptak ved Norges landbrukshøgskole, og han tok examen artium som privatist då han var 24 år.

Etter eksamen som sivilagronom i 1957 underviste Brox på framhaldsskulen i heimbygda på Senja. Der blei han slått av at lokale hushald valde heilt andre tilpassingar enn det som låg til grunn for statleg planlegging og makroøkonomisk rasjonalitet, og slike motsetningar har seinare prega mykje av hans faglege arbeid.

Etter at han hadde improvisert eksamenar i historie og sosiologi, blei han i 1960 knytta til Tromsø Museum og drog tilbake til Senja med forskingsmidlar. Han var også stipendiat ved Norges landbrukshøgskole der han blei dr.scient. i bygdesosiologi i 1970. Då var han amanuensis i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Frå 1972 til 1984 var han professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø. Etter dette var han forskingsleiar og seniorforskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning i Oslo. Ei kort tid var han også leiar av prosjektet Alternativ Framtid.

Forsking

Ottar Brox er for mykje av ein generalist til å la seg binda av grenser innan og mellom samfunnsfaga. Han har lånt litt frå dei fleste. Det tverrfaglege miljøet ved Universitetet i Tromsø som han var sentral i frå starten, heitte då også Institutt for samfunnsvitenskap. Det var interessa for nordnorske lokalsamfunn som skulle vera styrande, ikkje faglege spesialitetar.

Brox er medlem av Norsk sosiologforening, men hans viktigaste referansar er til sosialantropologien, sjøl om han har stått på sida av det strenge fagmiljøet. Han har gjort korte feltarbeid på Newfoundland og i Chile, men det er antropologi på heimleg grunn som er hans styrke. Han lar seg også involvera sterkare enn det som er vanleg i situasjonen til dei som er objekt for forskinga. Han meiner at ein lærer mykje om samfunnet ved å delta aktivt. Å avstå frå deltaking er å avskjera seg frå innsikt i sosiale prosessar.

Hva skjer i Nord-Norge?

Ottar Brox: Hva skjer i Nord-Norge? 1966
/Nasjonalbiblioteket.

Ottar Brox har skrive eit snes bøker, men ingen har vekt slik oppsikt som Hva skjer i Nord-Norge (1966). Boka var ein kritisk analyse av samanhengen mellom nasjonale strategiar og livsvilkåra i nordnorske lokalsamfunn, men han la også fram eit alternativ til den rådande, teknokratiske politikken.

Boka var eit polemisk angrep på teknologiseringa til høgmoderniteten, spesielt av fiskeria. Brox feira tradisjonelle, familiebaserte fangstmetodar og åtvara mot at effektivisering av produksjonen ville bryte opp familiar og lokalsamfunn. Boka spelte ei viktig rolle for debatten, og var medverkande til at Nord-Noreg heldt fram med å få store overføringar frå sør. Brox inntok ein typisk populistisk posisjon og diskusjonsform som skulle bli karakteristisk for hans karriere.

Politikk

Brox var aktiv i Sosialistisk Folkeparti, der han var sentral i utforminga av partiets distriktspolitikk. Etter EF-striden i 1972 var han stortingsrepresentant frå Troms for Sosialistisk Venstreparti i perioden 1973–1977. Han sat i fiskerikomiteen og kommunalkomiteen, men fann seg ikkje til rette i Stortingets arbeidsmåte og debattform.

Erfaringane frå «feltarbeidet» på Stortinget gjorde at Brox fekk større interesse for dei symbolske sidene ved meiningsdanning og politiske prosessar. Han vendte fokus frå hushaldsøkonomi til regional organisering, og frå planlegging til politisk kommunikasjon. Han henta teoretisk tilfang frå klassisk retorikk og Gregory Batesons analyse av skismogenese.

Både fagleg og politisk kasta han seg inn i innvandringsdebatten for å skapa eit rom for praktiske tiltak på tvers av tendensen til opptrapping av konfliktane gjennom sterke symbolske markeringar. I 1990-åra var han også opptatt av å syna korleis sentraliseringspolitikken fjerna arbeidsmoglegheiter i utkantane og skapte problem i storbyane – med marginalisering av store grupper og framveksten av ein ny underklasse som resultat.

Samfunn

Det særprega ved Ottar Brox sin innsats i norsk samfunnsliv er at han har klart å sameina fagleg og samfunnsmessig engasjement. Han har kombinert og veksla mellom rollene som deltakar og tilskodar, analytikar, polemikar og aktør, og han har overført innsikt og anvendeleg kunnskap mellom felta.

Som akademisk forskar er han nytenkande og original, og som praktisk samfunnsvitar har han eit mangesidig tilfang av kunnskap og erfaring. Som politikar har han sett nye tema på dagsorden og hatt som ambisjon å peika på praktiske løysingar. Som frittståande offentleg debattant har han gått til felts mot ufornuften i konvensjonell visdom og demonstrert alternative forståelsesmåtar.

Hans sosiologiske fantasi er basert på at han er fagleg nyfiken, og at han trekker både på sitt bygdeopphav, sitt urbane liv og breidda av sine akademiske og sosiale erfaringar i sitt samfunnsengasjement.

Publikasjonar

Eit utval publikasjonar

  • Centralbyråkraterna och glesbygden: En socialantropologisk intensivstudie, 1969
  • Newfoundland Fishermen in the Age of Industry: A Sociology of Economic Dualism, St. John’s 1972
  • Politikk. Bidrag til en populistisk argumentasjon, 1972
  • Jordreform og middelklasseutvikling i Chile, i Dag Hareide (red.): Chile: På veg til sosialismen, 1973
  • Nord-Norge. Fra allmenning til koloni, 1984
  • Ta vare på Norge. Sosialdemokratiet under høyrebølgen, 1988
  • Jeg er ikke rasist, men ... Hvordan får vi våre meninger og innvandrere og innvandring, 1991
  • Norge mot tusenårsskiftet. Arbeid for alle – eller flere rike og ny fattigdom?, 1994
  • Praktisk samfunnsvitenskap, 1995
  • Dit vi ikke vil. Ikke-utopisk planlegging for neste århundre, Halden 1995

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Barth, Fredrik (1966): «Key Informants on the History of Anthropology: Ottar Brox», i Ethnos 61, hf. 1–2
  • Brox, Ottar (1966): Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk
  • Brox, Ottar (1966) : «My Life as an Anthropologist», i Ethnos 61, hf. 1–2
  • Aarsæter, Nils; Nilsen, Ragnar og Reiersen, Jan Einar (red.) (1982): Folkemakt og regional utvikling. Til Ottar Brox’ 50-års dag
  • Grepstad, Ottar (1997): «Pamflettforskaren Ottar Brox», i Ottar Grepstad: Det litterære skattkammer: Sakprosaens teori og retorikk

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg