Onara O’Neill

Faktaboks

Onara O’Neill

Onora Sylvia O’Neill

Født
23. august 1941, Aughafatten, Nord-Irland

Artikkelstart

Onara O’Neill er en britisk professor i filosofi, politikar og samfunnsdebattant som koplar moralfilosofi til politisk teori og praksis på ein jordnær måte.

Ho studerte historie ved University of Oxford i 1959–1962 og tok doktorgraden i filosofi ved Harvard University i 1969. Frå 1977 til 1992 var ho tilsett ved universitetet i Essex, der ho vart utnemnd til professor i 1987. Frå 1992 til 2006 var ho rektor ved University of Cambridge. I 1999 vart ho adla til baronesse og fekk fast sete i Overhuset.

I doktoravhandlinga og i seinare studiar tek ho for seg pliktetikken til Immanuel Kant for å sjå om han held mål som moralsk rettesnor i det 20. hundreåret. Ho set pliktetikken opp mot konsekvensetikken og teorien om rasjonelle val og kjem fram til at Kant sin teori er enklare og meir universell. Eit kjenneteikn ved forskinga hennar er viljen til å gjere filosofiske tankar konkrete og handlingsretta. I tale og skrift har ho kasta seg inn i aktuelle samfunnsspørsmål, eit engasjement som har gjort henne kjend for eit breitt publikum. Den raude tråden i forfattarskapen er tillit, rettferd og menneskerettar.

I 2015 vart ho æra med den austerrikske Kantprisen, i 2017 med den norske Holbergprisen.

Ansvar for å skape rettferd

O’Neill spør kva rettferd er. Svaret finn ho i Kant sitt ideal om det autonome mennesket, som er fri til å gjere moralske val, i tråd med etiske grunnprinsipp. Det er på dette grunnlaget rettferd kan realiserast.

Rettferdskravet stansar ikkje ved privatlivet, men kan gjerast gjeldande også i internasjonal politikk. I Justice across Boundaries (2016) drøfter ho dilemma som oppstår når vestlege statar vil skape rettferd i resten av verda. Statane sin primære lojalitet ligg hos eigne borgarar, og det er ikkje uproblematisk å bruke nasjonale verdiar som middel til global utjamning. Vesten har like fullt eit ansvar for å fremje internasjonal rettferd. For det første fordi det er rasjonelt, noko alle partar kan semjast om er eit gode. For det andre fordi Vesten har skapt den globale maktstrukturen som er ei av årsakene til fattigdom, og som hindrar folk i å utvikle seg til sjølvstendige aktørar.

For O’Neill er det viktig å avklare kven som skal gjere kva for kven. Ansvaret for større rettferd ligg ikkje hos vestlege statar åleine, særleg i ei tid då nasjonalstatar misser makt, og styresmaktene i mottakarlanda ofte manglar både makt og vilje til å handle. Andre aktørar må på banen, ikkje minst dei multinasjonale selskapa.

Menneskerettar må koplast til plikter

O’Neill meiner at dei sentrale menneskerettsdokumenta er omgitt av ei kollektiv semje som knapt tillèt diskusjon. Rettane får autoritet ved å vise til politiske vedtak, ikkje ved filosofisk grunngiving, og dei er innbyrdes inkonsistente. Dei tek mål av seg å vere universelle, men inngår i ein vestleg tradisjon med hang til å eksportere sine eigne store tankemodellar, til dømes kristendom og kapitalisme.

Ho etterlyser prioritering, presisering og pliktplassering av menneskerettane. Når vestlege land engasjerer seg internasjonalt, bør dei konsentrere seg om dei absolutte rettane, som fråvær av slaveri og tortur, og retten til mat. I A Question of Trust (2002) viser ho til at mange av velferdsrettane er tids- og kulturbundne, til dømes retten til betalt ferie. Andre er uklare og utopiske, mellom anna retten til best mogleg fysisk og psykisk helse.

Den tyngste innvendinga hennar mot menneskerettstenkinga er at det er asymmetri mellom retts-havarar og plikt-berarar. Alle har rettar, men det er uklart kven som skal oppfylle dei. Dermed risikerer dei å verte ambisiøse, overordna mål meir enn konkrete krav.

Tillit må vere fortent

Tillit er grunnmuren i dagleglivet, utan tillit går alt i stå. Erfart tillit er fornuftig tillit, som fremjar tryggleik og effektivitet. Bak tilliten ligg truverde, som personar og institusjonar oppnår dersom dei er kompetente og ærlege. Ingen kan krevje tillit, den kan ein berre gjere seg fortent til. Blind tillit er like skadeleg som fråvær av tillit, hevdar O’Neill.

I demokratiske land går det tillitstrådar på tvers av grupper og institusjonar. O’Neill spør om denne tilliten er i ferd med å forvitre. Når samfunnet vert meir komplekst, vert tillit i aukande grad erstatta med kontroll, både i private og offentlege samanhengar. Målstyring og rapportering skal sikre borgarane dei tenestene dei har krav på, men detaljregulering kan gjere avstanden mellom styrande og styrte større og svekkje tilliten som demokratiet er basert på.

Etter O’Neills vurdering er tillit framleis eit kjenneteikn ved vestlege land, men ho manar folk til å ta faresignala på alvor og å forvalte tilliten på intelligent vis.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Camilla Serck-Hanssen i samtale med Onora O’Neill: «Trustworthiness before trust». Foredrag i Oslo 9.6.2017, publisert i Nytt Norsk Tidsskrift nr. 3, 2017
  • Onora O’Neill: A Question of Trust. Cambridge 2002
  • Onora O’Neill: Justice across boundaries. Whose Obligations? Cambridge 2016
  • Helge Skirbekk i samtale med Onora O’Neill: «Et praktisk syn på tillit til velferdsstater», i Skirbekk og Grimen (red.): Tillit i Norge. Oslo 2012

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg