Ofotens Folkeblad

Avisa blei avvikla i 1956. Ofotens Folkeblad blei skipa i Narvik i 1922. Avisa skulle vere eit sentrumsalternativ til høgrebladet og arbeidaravisa i Narvik. Avisa stogga under krigen, og ho fekk problem med å etablere stødig drift etterpå.

Hausten 1922 grunnla faktor Johannes Bjerkeseth Ofotens Folkeblad. Bondepartiet skulle støtte bladet, men då han året etter overlét redaktør- ansvaret til Narviks store kulturpersonlegdom, Peder Nordsjø, blei det i realiteten eit Venstre-blad. I første nummer skriv Nordsjø at føremålet med bladet var å fange opp det politiske sentrum og sosialdemokratar, ved å vende seg til Bondeparti- og Venstre-veljarar, så vel som til den moderate delen av Arbeidarpartiet. Dette var parti Nordsjø meinte var demokratiske. Etter den radikale dreiinga av Arbeidarpartiet etter den russiske revolusjo- nen, var konkurrenten Fremover ein periode kommunistavis. Den andre avisa, Ofotens Tidende, var som «Gud og hvermand forstaar» kun styrt av «høireinteresser», som Nordsjø skreiv i sitt første nummer som redaktør. I 1924 selde Bjerkeseth bladet til eit aksjeselskap som overtok både utgjevarrettane og trykkeriet. Som eit «fritt demokratisk diskusjonsblad, blei Ofotens Folkeblad det største og mest utbreitte Venstre-bladet i fylket då Venstre-avisa Nordland mot slutten av 1920-tallet la den politiske kursen mot høgre».

«Avholdsarbeidet» og «distrikternes fremgang», og ikkje minst den kritiske motstanden mot «ultraradikalismen» i Arbeidarpartiet i 1920-åra, var viktige saker for Ofotens Folkeblad. Det førte til at sosialdemokratar kom til i bladet, særleg i tida fram mot samlinga av Arbeidarpartiet. I tillegg ville det vende seg til distrikta og næringsutøvarar innafor jordbruket utafor Narvik.

Bladet gjekk inn i 1943 etter hardt påtrykk frå makthavarane. Etter krigen kom avisa i gang igjen, men måtte stanse i 1951. Johan Snøfugl kjøpte OF, som kom i gang igjen i juli 1952, med utgåver måndag, onsdag og fredag.

Avisa fekk tilbake dei fleste av dei gamle abonnentane. Den nye redaktøren hadde fordelen av å vere åleine om morgonen dei aktuelle dagane, og nesten 1/3 av opplaget på 2500 blei selt i laussal. Snøfugl starta i tillegg ei tvillingavis, Nordlendingen, som skulle vere Bondeparti-organ for eit større område i Nord-Noreg. Ofotens Folkeblad blei frå nystarten i 1952 definert som uavhengig borgarleg.

Dei to argaste konkurrentane, Fremover og Ofotens Tidende, hadde fordel av å ha kome utan stans etter krigen. Begge hadde rotasjonspresser, medan Ofotens Folkeblad trykte på arkmaskin. I januar 1956 avvikla Snøfugl avisverksemda i Narvik, trykkeriet vart flytta til Trøndelag, og blei utgangspunkt for mellom anna Bygdebrevet, Trønderbladet, Gaula og Snøfuglforlag.

Fakta

  • Ofotens Folkeblad: fyrste nr. 22.11.1922, fyrste red. Johannes Bjerkeseth.
  • Ofoten Folkeblad frå nr. 60 i 1927. Førebels siste nr. 12.3. 1943.
  • Fyrste nr. etter krigen 2.6.1945. Siste nr. 23.12. 1955.
  • Avisa kom ikkje ut i perioden 26.10. 1947–14.12. 1948 og 15.12. 1951–6.7. 1952 |

Opplag

1.500 (1932)

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg