Faktaboks

Nordlændingen

Nordlendingen (frå 1918)

Framsida av Nordlændingen 13. januar 1892.
Nordlændingen/Nasjonalbiblioteket..
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Nordlændingen var ei avis som kom ut i Kabelvåg frå 1888 til 1922. På det meste vart det gjeve ut heile tre aviser i Kabelvåg i Lofoten. Nordlændingen var den mest radikale av dei.

Historie

Dei første avisetableringane i Lofoten var eit resultat av den politiske kampen mellom Høgre og Venstre i området. Høgresida var tidlegast ute, med Lofotens Tidende i Kabelvåg i 1879 (frå 1896 avløyst av Lofotposten i Svolvær). Venstre kom etter med Lofot-posten i 1885, men denne avisa vart lagt ned etter knapt eitt år.

Avisa Nordlændingen kom ut frå 1888 i Kabelvåg som «et lokalblad for Lofoten og Vesteraalen, ledet i frisindet aand». På denne tida var Venstre djupt splitta. Nordlændingen stod på den radikale fløya, med tilslutning til Reine Venstre, medan tilhengjarar av Moderate Venstre like gjerne brukte spaltene i Høgre-avisa. Ansvarleg redaktør i Nordlændingen var boktrykkjar Isak Wilhelm Johansen, som seinare etablerte Ofotens Tidende i Narvik.

Nordlændingen omtalte alltid Lofotens Tidende som «gamle mutter». Spaltene stod opne for alle åtak på embetsmenn og handelsmenn, i tillegg til anonyme åtak på namngitte personar. Etter kvart blei motsetningane mindre, og det fremste stridsspørsmålet blei kven av avisene som var størst.

Avisa flytta til Svolvær

I 1896 selde Johansen trykkjeriet og avisa til K. Berghs Trykkeri. Med utbygginga av det moderne hamnevesenet miste Kabelvåg posisjonen sin til Svolvær. Nordlændingen følgde denne utviklinga og blei i 1918 flytta til Svolvær, med inspektør A. Heglund som redaktør og forretningsførar.

Avisa gjekk over frå to nummer i veka til nye utgåver kvar tysdag, torsdag og laurdag i 1918. Ho endra namn til Nordlendingen og presenterte seg som «Organ for Nord-Norges bonde- og fiskerbefolkning». I 1919 blei det danna eit nytt aksjeselskap, med 20 000 kroner i kapital. Etter berre fire år i Svolvær kom det siste nummeret av Nordlendingen ut 20. april 1922 «Paa grunn av omstendigheter, som redaktøren og det øvrige personale ikke kan gjøre noe ved vil bladets utgivelse stanse inntil videre.»

Opplag

År Opplag
1920 2000

Fakta

  • Nordlændingen: første nr. truleg 30.9.1888 (nr. 8, 1888 ble utgitt 21.11.). Siste nr. 20.4.1922.
  • Skifta namn til Nordlendingen frå nr. 94, 1919.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg