Gaula (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- AVISA GAULA AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Melhus
- Dagleg leiar
- Berit Juul (ansvarlig redaktør)
- Styreleiar
- Svein Atle Huus
Bakgrunn
Det første nummeret av Gaula kom 24. januar 2001. Gaula er ei papiravis som kjem ut kvar torsdag. Åsmund Snøfugl var redaktør i Gaula frå starten i 2001. Då var det fem år sidan han slutta som redaktør i avisa Trønderbladet, og han ønskte å starte ei ny avis i Melhus. Snøfulg var redaktør i avisa fram til 2023.
Gaula var fram til 2023 driven av Snøfugl AS, som i tillegg til avisa også sel bøker gjennom Snøfugl forlag. Frå 2023 er avisa eigd av Avisa Gaula AS.
Profil
Kolofonen og leiaren i Gaula er på nynorsk. Elles blir avisa redigert på begge målformene, og det er først og fremst redaktøren sitt sjølvskrive og populære småstoff som er skrive på nynorsk.
Nedslagsfeltet er først og fremst Melhus kommune i Trøndelag, men avisa dekkjer òg nyhende frå Skaun kommune, Klæbu og Byneset i Trondheim kommune. I tillegg til nyhende og småstoffet frå redaktøren satsar avisa på lokalt kulturstoff og portrettintervju. Åremålsdagar har òg ein sentral plass i avisa. Gaula er partipolitisk uavhengig.
Opplag
Opplagstall for Gaula, 2001-2022
2001 | 1031 |
---|---|
2002 | 1362 |
2003 | 1430 |
2004 | 1474 |
2005 | 1675 |
2006 | 1697 |
2007 | 1703 |
2008 | 1538 |
2009 | 1549 |
2010 | 1585 |
2011 | 1452 |
2012 | 1448 |
2013 | 1347 |
2014 | 1521 |
2015 | 1515 |
2016 | 1638 |
2017 | 1642 |
2018 | 1577 |
2019 | 1517 |
2020 | 1505 |
2021 | 1499 |
2022 | 1445 |
År | Opplag |
---|---|
2020 | 1505 |
Statistikken viser netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.