Melhusbladet var ei lokalavis som vart skipa i Melhus i Sør-Trøndelag av Åsmund Snøfugl. Han var ein røynd avismann og forleggjar og meinte at marknaden låg til rette for å etablere ei ny avis i Gauldalen. Den 14. mars 1979 fekk alle husstandar i Melhus og bygdene rundt, som Buvika i Skaun og Støren i Midtre Gauldal det første prøvenummeret til Melhusbladet i postkassa.
Utgangspunktet for avisa var trykkjeri og forlagsbedrifta A/S Bygdetrykk. Trykkjeriet var starta av Johan Snøfugl i 1956 og hadde etter kvart flytta til Melhus sentrum. Sonen Åsmund Snøfugl hadde lenge ønskt å gi ut avis, og i 1979 meinte dei at tida var inne. Åsmund Snøfugl var sjølv redaktør i Melhusbladet frå 1979 til 1986.
Kommunen Melhus var nedslagsfeltet for Melhusbladet, og avisa fekk tidleg eit godt fotfeste i lokalmiljøet. Stoffet som vart publisert i tillegg til annonsar, var nyhende, sport, kultur og historiske artiklar. Kolofonen, leiarane og noko av avisa sitt eige stoff var på nynorsk, men det var ikkje den dominerande målforma. Avisa var partipolitisk ubunden.
Frå starten i 1979 følgde ein periode med kraftig vekst. Det gjaldt både utgjevingsfrekvens, dekningsområde og opplag. Frå éi utgåve per veke i 1979 auka frekvensen til to utgåver i 1980, tre utgåver i 1984, tre og ei halv utgåve (fredagsutgåva kom annakvar veke) i 1987 og fire utgåver per veke i 1988. Det er ikkje så vanleg med fire utgåver per veke sidan det gir ein uregelmessig produksjonsrytme, men avisa hadde denne løysinga fram til 1996. Då vart den tredagarsavisa igjen. Allereie i 1980 passerte opplaget 2000, som var grensa til datida for pressestøtte. Fem år seinare var det fordobla (4060), og i 1986 auka det til heile 6315.
Den geografiske ekspansjonen skjedde først i nabokommunane Skaun i vest og Klæbu i aust. Den hadde også ei viss spreiing i nord, i Leinstrand og Byneset, som hadde vorte ein del av Trondheim i 1964. Deretter kom turen til Midtre Gauldal som er nabokommunen i sør. Midtre Gauldal hadde lenge si eiga lokalavis, Gauldalsposten, men ho gjekk dårleg og vart nedlagt i 1986. Melhusbladet kjøpte då forlagsretten og abonnementskartoteket frå Gauldalsposten. I samband med oppkjøpet skifta avisa 20. september 1986 namn til Trønderbladet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.