Odd Einar Dørum

Faktaboks

Odd Einar Dørum
Født
12. oktober 1943, Oslo
Oppvaksen i Trondheim
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Artikkelstart

Odd Einar Dørum, sosionom, politikar, tidlegare leiar av partiet Venstre og tidlegare stortingsrepresentant for Venstre frå Sør-Trøndelag i 1977–1981 og i Oslo i 1997–2009. Han har vore statsråd i to regjeringar.

Bakgrunn

Odd Einar Dørum er fødd i Oslo og voks opp i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han tok realskule og examen artium ved Trondheim Katedralskole i 1957–1959 og 1962, historie mellomfag ved Norges Lærerhøgskole (no NTNU) i Trondheim i 1963–1965 og sosialhøgskulen i Trondheim (no NTNU) i 1967–1970. Han var stipendiat ved sosialhøgskulen og tok vidareutdanning som gav høgskulelektorkompetanse i 1972–1977. I 1975–1977 arbeidde han som høgskulelektor. Han var helse- og sosialfagleg konsulent og seksjonssjef ved Kirkens Bymisjon i 1986–1996.

Politisk karriere

Dørum var nestleiar i Norges Unge Venstre i 1964–1965 og leiar i 1970–1972, i tillegg til fleire verv i ungdomsorganisasjonen. Han var representant for Venstre i Trondheim bystyre i 1967–1971 og 1976–1979, leiar av Trondheim Venstre i 1974–1978 og representant i Oslo bystyre i 1995–1999 og i 2011–2015. Han har vore partileiar to gonger, i 1982–1986 og i 1992–1996.

Dørum var stortingsrepresentant for Venstre frå Sør-Trøndelag i 1977–1981 og frå Oslo i 1997–2009. I 1997–1999 og 1999–2000 var han samferdselsminister og deretter justisminister i Bondevik I-regjeringa, og han var justisminister i Bondevik II-regjeringa i 2001–2005. Dørum har mellom anna arbeidd med miljøspørsmål, førebygging av kriminalitet og mot norsk EF-medlemsskap. Han var ein svært sentral ungdomspolitikar i Folkebevegelsen mot EF i 1970–1972.

Utgjevingar

Dørum har gitt ut fleire bøker, mellom anna sjølvbiografiane Med liv og sjel. Memoarer (1999), saman med Randi Gerd Øverland, og Ombudsmann på jobb (2008) i samtale med Marit Meyer.

Andre verv og utmerkingar

Han har hatt ei lang rekkje offentlege verv og tillitsverv. Dørum var leiar av Norges Velforbund i 1986–1989, KIM (kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene) i 1990–1997, leiar av FRISAM og medlem av Oslo Bispedømeråd og Kyrkjemøtet i 1994–1997 og president i Én Verden frå 2010. Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 2004.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg