Mari Velsand

Faktaboks

Mari Velsand
Født
1968, Gran på Hadeland
Marit Velsand
Mari Velsand direktør i Medietilsynet på talerstolen i forbindelse med at kulturminister Trine Skei Grande mottar rapport om NRKs ansvar for mediemangfoldet i 2018.
Marit Velsand
Av /NTB Scanpix.

Artikkelstart

Mari Velsand er ein norsk journalist, og har mellom anna vore programdirektør i NRK og redaktør i avisa Nationen. Ho blei utnemnd til direktør i Medietilsynet i 2017.

Utdanning

Mari Velsand gjekk på Brandbu videregående skole og studerte frå 1984 til 1987 ved Irvine High School i Kentucky, USA. Velsand er i tillegg utdanna ved Norsk Journalisthøgskole (no OsloMet – Storbyuniversitetet) i 1991–1992, tok spansk ved Universidad Complutense de Madrid i 2007 og har ein mastergrad i management frå BI i 2011.

Journalistikken

Velsand begynte som journalist i Oppland Arbeiderblad (1987–1990) og var tilsett i NRK mellom 1992 og 2008 i ulike roller, mellom anna som redaksjonssjef, vaktsjef og distriktsredaktør i NRK Hordaland. Ho var programdirektør frå 2000 til 2005. Velsand var òg med på å lansere NRK-programmet «Norge i dag» i 1996. Ho var sjefredaktør og administrerande direktør i Nationen frå 2008 til 2013, konsernsjef i Tun Media 2012–2013, konserndirektør i mediekonsernet Amedia AS frå 2014 til 2017, før ho blei utnemnd til direktør i Medietilsynet i 2017.

Anna engasjement

Velsand har hatt mange verv innanfor mediebransjen. Ho har mellom anna vore styreleiar i Bergensavisen, Tidens Krav og Fredrikstad Blad. I 2013–2017 var ho leiar av Oslo Redaktørforening. Ho har òg vore medlem av styret for NTB, leiar av Medieforeningen i Oslo og Akershus og medlem av hovudstyret i Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

I 1996 var Velsand redaktør for Ung framtid, ei bok som Norges Bygdeungdomslag gav ut.

Utmerkingar

Ho fekk utmerkinga Avisgutten i 2017 for innsatsen i MBL.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg