Magne Rommetveit

Faktaboks

Magne Rommetveit
Født
27. april 1956, Time, Rogaland

Artikkelstart

Magne Rommetveit er tidlegare ordførar i Stord kommune og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Hordaland i 2009–2021. Frå 2017 til 2021 var han tredje visepresident på Stortinget.

Bakgrunn

Magne Rommetveit er fødd i Time i Rogaland. Han tok vidaregåande skule ved Bryne gymnas i 1972–1975, studerte nordisk grunnfag ved Rogaland distriktshøgskole (no Universitetet i Stavanger) i 1977–1978 og tok allmennlærarutdanning ved Stord lærarhøgskule (no Høgskulen på Vestlandet) i 1978–1981. Han arbeidde ved Block Watne AS i 1975–1977, var leiar ved Leirvik fritidsklubb i 1978–1981, leiar av utekontakten i 1981–1990 og sosialleiar i Stord kommune i 1990–1992. Rommetveit var fangevaktar ved Åna kretsfengsel i 1997–1998.

Politisk karriere

Rommetveit var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Stord kommunestyre i 1983–1991. Han var leiar av Stord Arbeidarparti i 1990–1992 og medlem av styret for Hordaland Arbeidarparti i 1992–2008. Han var ordførar i Stord kommune i 1991–2007 og kommunalsjef i Stord i 2007–2009.

Rommetveit var innvald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland i 2009–2021. I perioden 2009–2017 var Rommetveit medlem av transport- og kommunikasjonskomiteenStortinget, og i 2017–2021 var han medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen. I 2017–2021 var han tredje visepresident på Stortinget. Rommetveit arbeidde mellom anna for betre samferdsel, regional utvikling, og for å skape og sikre arbeidsplassar i Hordaland.

Andre verv

Han har hatt ei rekkje offentlege verv, mellom anna medlem og leiar av Samarbeidsrådet for Sunnhordland i 1992–1998 og 1998–2007, medlem i styret for Sunnhordland bru- og tunnelselskap i 1994–2005, leiar av styret for Hordaland olje og gass i 1999–2005 og styreleiar for Kommunenes Sentralforbund i Hordaland i 2003–2007. Rommetveit var òg nestleiar av styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i 1999–2002, og var leiar av Løvebakken Mållag i 2015–2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg