Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Logo
Av .

Landssamanslutninga av nynorskkommunar er ein landsdekkjande medlemsorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak.

LNK vart stifta på Bryne 18. juni 1993 av utsendingar frå 86 kommunar for å styrkje språkpolitikken i stat og kommunar. Bakgrunnen for skipinga var at Statskonsult i 1990 hadde sagt at dei såg på lov om målbruk i offentleg teneste som ein raritet. På ein konferanse våren 1991 tok Sigve Gramstad, dåverande kultursjef i Bergen, difor til orde for å opprette eit nettverk for kommunane som hadde nynorsk som tenestemål.

Styreleiarar har vore Nils G. Taklo (Ørsta) 1993–2003, Jan Magne Dahle (Ørsta) 2003–2011, Astrid Myran Aarvik (Lærdal) 2011–2013, Solfrid Borge (Ullensvang) 2013–.

I 2020 hadde organisasjonen 107 medlemsorganisasjonar: 84 kommunar, 3 fylkeskommunar og 20 andre medlemer (interkommunale føretak, regionråd med meir).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg