Faktaboks

Lars Løkke Rasmussen
Fødd
15. mai 1964, Vejle, Danmark
Rasmussen

Rasmussen i 2018.

Av /Wikimedia Commons.
Lisens: CC BY 4.0

Lars Løkke Rasmussen er ein dansk jurist og folketingspolitikar, først for det danske partiet Venstre, sidan 2022 for Moderaterne. Han har vore minister, partileiar for Venstre i perioden 2009–2019 og var statsminister i Danmark i periodane 2009–2011 og 2015–2019. Frå 2022 er han utanriksminister.

Bakgrunn

Lars Løkke Rasmussen er fødd i VejleJylland i Danmark, men voks opp i Græsted på Nord-Sjælland. Han var elev ved Helsinge Gymnasium i 1980–1983 og var ferdig utdanna cand.jur. ved Københavns Universitet i 1992. I åra 1990–1995 dreiv han sjølvstendig konsulentverksemd, men i det aller meste av karrieren hans har politikk vore hovudsaka.

Politisk karriere

Løkke Rasmussen er ein erfaren politikar og har drive med politikk store delar av sitt vaksne liv. Han var leiar i Venstres Ungdom i 1986–1989, medlem av sentralstyret i Venstre i 1986–1990 og kommunestyrerepresentant i Græsted-Gilleleje kommune i 1986–1997.

I 1994 blei han vald til folketingsrepresentant for Venstre og satt til valet 2022, da han vart vald for Moderaterne. I 1998 blei han igjen medlem av sentralstyret i Venstre, var amtsborgermester (fylkesordførar) i Frederiksborg Amt i 1998–2001, nestleiar i Venstre i 1998–2009 og leiar i partiet frå 2009 til 2019.

Løkke Rasmussen var indenriks- og sundhedsminister i regjeringa til Anders Fogh Rasmussen i 2001–2007. Som indenriks- og sundhedsminister stod han mellom anna bak den store administrative kommunereforma i Danmark. Han var finansminister 2007–2009. Då Fogh Rasmussen vart utnemnd til generalsekretær i NATO, vart Lars Løkke Rasmussen ny statsminister i Danmark.

Regjeringa Lars Løkke Rasmussen I

Løkke Rasmussen var statsminister fyrste gong i 2009–2011, i ein periode prega av den internasjonale finanskrisa. Regjeringa, kjend som Regjeringa Lars Løkke Rasmussen I, var dominert av Venstre, med Det Konservative Folkeparti som juniorpartnar og med Dansk Folkeparti som parlamentarisk støtteparti i Folketinget. Regjeringskoalisjonen mista fleirtalet og tapte dermed valet i 2011. Regjeringa måtte gå av, sjølv om Venstre gjekk litt fram. Lars Løkke Rasmussen fekk mykje av æra for det gode valresultatet frå partiet, men måtte etter valet gå av som statsminister og vart deretter opposisjonsleiar i Danmark.

Regjeringa Lars Løkke Rasmussen II og III

Ved valet 2015 vart Venstre dei store taparane av valet, noko som mellom anna kom av at Løkke Rasmussen var innblanda i fleire personlege skandalar om økonomisk rot. Venstre mista 13 mandat og vart berre tredje største parti. Men høgresida fekk fleirtal, og Løkke Rasmussen danna då ei rein Venstre-regjering etter valet. Regjeringa, kjend som Regjeringa Lars Løkke Rasmussen II, hadde eit svakt parlamentarisk grunnlag, og etter forhandlingar vart regjeringa utvida i 2016 med Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti, kjend som Regjeringa Lars Løkke Rasmussen III.

Regjeringa Lars Løkke Rasmussen III sat til 2019, då venstresida fekk fleirtal ved valet. Venstre gjorde eit godt val i 2019 og gjekk igjen mest fram av alle partia, men det dårlege resultatet til mellom anna Dansk Folkeparti gjorde at høgresida mista fleirtalet (sjå valresultat i artikkelen Folketingsvalg i Danmark). Løkke var innstilt på å halde fram som partileiar etter valet, men etter mykje uro i partiet trekte han seg i august 2019. Uroa heldt likevel fram under den nye partileiaren Jakob Ellemann-Jensen, og i 2020 vart nestleiaren Inger Støjberg tvinga til å trekkje seg. Det førte igjen til at Lars Løkke Rasmussen melde seg ut av partiet i 2021; han heldt fram som uavhengig kandidat i Folketinget. I 2022 grunnla han eit nytt parti, Moderaterne. Det fekk heile 9,3 prosent ved Folketingsvalet 2022 og vart det tredje største partiet i Danmark. Løkke Rasmussen gjekk deretter i forhandlingar med sosialdemokratane og Venstre om å danne ei ny regjering.

Løkke Rasmussen som politikar

Løkke Rasmussen har vore ein både omstridd og handlekraftig politikar, med varierande popularitet hos veljarane. Han har vore hovudarkitekten bak nokre av dei største politiske reformene i Danmark dei siste tiåra, mellom anna kommunalreforma, tilbaketrekkingsreforma, dagpengereforma og reformpakken 2020.

Regjeringsforhandlingane hausten 2022 førte til at det vart danna ei fleirtalsregjering i Danmark, og Lars Løkke Rasmussen vart utanriksminister.

Utgjevingar

Løkke Rasmussen har gitt ut to bøker, Foreningshåndbogen (1994) og Hvis jeg bli'r gammel (1997), og han har medverka i Kirsten Jacobsens Løkkeland – Lars Løkke Rasmussens Danmark (2006) og I orkanens øje – samtaler med statsminister Lars Løkke Rasmussen (2010) av Thomas Larsen.

Andre verv og utmerkingar

Han var styremedlem i Danmarks Nationalbanks repræsentantskab i 2011–2015, styreleiar for Global Green Growth Institute i 2012–2014 og styreleiar og grunnleggjar av LøkkeFonden i 2014–2015. Han blei utnemnd til kommandør av Dannebrogordenen i 2003 og har òg fått den greske Føniksordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg