Dansk Folkeparti

Artikkelstart

Dansk Folkeparti (DF) er eit politisk parti i Danmark, oppretta i 1995 ved ei splitting i det danske Fremskridtspartiet. Partiet er eit høgrenasjonalistisk parti som mellom anna går inn for ein strengare innvandringspolitikk.

Faktaboks

Også kjent som

DF

Etablering

Dansk Folkeparti vart danna i 1995 etter usemje om den politiske linja i det populistiske danske Fremskridtspartiet. Fire representantar braut ut og danna ei eiga gruppe i den danske nasjonalforsamlinga, Folketinget. Dansk Folkeparti vart raskt den leiande krafta ytst på høgresida i dansk politikk.

Politikk og plassering

Dansk Folkeparti vert rekna som eit høgrepopulistisk parti. Partiet sin kamp for ein stram innvandrings-, asyl- og flyktningpolitikk har hatt stor og aukande veljarsuksess i Danmark. Partiet har òg bygd seg opp som aktive motstandarar av innføringa av euroen i Danmark. Partiet har mange fellestrekk med det norske Framstegspartiet. Partiet tok avstand frå dei ultraliberalistiske trekka i det danske Fremskridtspartiet sin politikk og ønskte å stå fram som vaktarar av den danske velferdsstaten.

I 2001 kom eit avgjerande vendepunkt for Dansk Folkeparti, då Anders Fogh Rasmussen frå partiet Venstre danna si første regjering. Han danna regjering saman med Det Konservative Folkeparti og valde Dansk Folkeparti som stabilt støtteparti. I perioden 2001–2011 utgjorde DF ein del av det parlamentariske grunnlaget for regjeringa av Venstre og Konservative og hadde stor innverknad i dansk politikk; ikkje minst fekk DF stor innverknad på den restriktive danske innvandringspolitikken. DF heldt òg fram rolla si som støtteparti til venstreregjeringa før valet i 2019.

Partileiarar

På det første landsmøtet til partiet i 1996 vart Pia Kjærsgaard vald til partileiar. Ho er tidlegare partileiar i det danske Fremskridtspartiet. Kjærsgaard satt som leiar fram til 2012, då ho vart avløyst av Kristian Thulesen Dahl. Han vart i 2022 avløyst av Morten Messerschmidt.

Oppslutning

Heilt frå partiet vart stifta og fram til valet i 2011 voks oppslutnaden til Dansk Folkeparti ved folketingsvala. Dansk Folkeparti stilte til val første gong i 1998, då det fekk 7,4 prosent av stemmene og 13 mandat i Folketinget. Ved vala i 2001, 2005, 2007 og 2011 var det Danmark sitt tredje største parti, med 12,3 prosent av stemmene og 22 mandat i Folketinget i 2011. Ved valet i 2015 vart partiet Danmarks nest største med ei oppslutning på 21,1 prosent. Tidlegare partileiar Pia Kjærsgaard vart i samstundes vald til formann i Folketinget.

Partiet gjekk på eit dramatisk nederlag ved valet i 2019, då det berre fekk 8,7 prosent. Ved lokalvalet 2021 vart partiet halvert igjen og fekk berre 4,4 prosent av stemmene. Det førte mellom anna til at partileiaren Kristian Thulesen Dahl trakk seg i 2022.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ketil Raknes: Høyrepopulismens hemmeligheter. Oslo 2012
  • Anders Widfeldt: Extreme Right Parties in Scandinavia. Abingdon 2015

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg