Kristin

Artikkelstart

Kristin er eit kvinnenamn som er nordisk form av Kristine.

Namnet har fleire variantar: Christin, Kristin.

Namnedag er 24. juli. Kristi og Kristine har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Kristin

Kulturell bruk

  • «Kristin Lavransdatter» (1920–1922) av Sigrid Undset. Det store løftet i populariteten for Kristin viste seg fyrst då dette verket kom i Den norske Bokklubben (1961–1963). Det er særleg kvinner som har vore medlemmar av denne bokklubben (ca. 75 prosent), og dette tyder på at det fortrinnsvis var mødrene som foreslo dette namnet.

Kjende personar med namnet Kristin

Eit utval personar med namnet Kristin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 17200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kristin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Kristin i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Kristin. Dette inneber at 40 prosent hadde Kristin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg