Hilde Kristin Kvalvaag

Faktaboks

Hilde Kristin Kvalvaag
Født
1968, Oslo
Hilde K. Kvalvaag
Av .

Artikkelstart

Hilde Kristin Kvalvaag er ein norsk forfattar, journalist og redaktør. Ungdomsromanen Fengsla vart i 2019 kåra til ei av dei ti beste nynorske ungdomsbøkene etter år 2000.

Bakgrunn

Hilde Kristin Kvalvaag er fødd i Oslo. Frå 1984 til 1987 var ho elev ved Bergen Handelsgymnasium. Ho tok eksamen som sosialantropolog i 1998, etter studium ved Universitetet i Bergen (UiB). I 2000 studerte ho barne- og ungdomslitteratur ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Frå 2001 til 2017 arbeidde Kvalvaag med forskingsjournalistikk hos UiB. Ho var redaktør for UiB sitt forskingsmagasin Hubro frå 2011 til 2015. Sidan januar 2017 har ho vore kommunikasjonsrådgivar ved Fakultet for kunst, musikk og design, UiB.

Forfattarskapen

I 2003 debuterte ho med ungdomsromanen Hjarteklapp, om ei 13-årig jente som er redd for døden. Seinare har ho skrive romanar for både ungdom og vaksne. Ungdomsboka Fengsla (2010) handlar om kusinene Mai og Idun, og om alle sterke kjensler som fyller eit ungt liv.

Vaksenbøkene er reiseromanar, medan ungdomsbøkene har forankring i forfattaren sitt nærområde. Saman med ektemannen, Sturla Bang, har ho skrive framtidsserien Søsteranarkistane. Den første boka i serien, Under, kom i 2017 og i 2019 kom den andre boka, Over. Fleire av bøkene hennar er omsette til tysk. Kvalvaag har skrive reisessay, mellom anna i tidsskriftet Syn og Segn.

Verv i litteraturfeltet

I åra 2011–2014 var ho redaktør for tidsskriftet BU, utgitt av foreininga Norske barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU).

Kvalvaag var styremedlem i NBU i 2009–2011 og sat i arbeidsutvalet for Norsk Forfattarsentrum i 2006–2008.

Bibliografi

  • Over (Ungdomsbok, Samlaget, 2019)
  • Under (Ungdomsbok, Samlaget, 2017)
  • Lev vel, alle (Roman, Samlaget, 2015)
  • Fengsla (Ungdomsbok, Samlaget, 2010)
  • Skagerrak (Roman, Samlaget, 2008)
  • Nattsommarfugl (Ungdomsbok, Samlaget, 2005)
  • Hjarteklapp (Ungdomsbok, Samlaget, 2003)

Utmerkingar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg