Christin er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Kristin som er nordisk form av Kristine.

Namnet har fleire variantar: Christin, Kristin.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 089 kvinner i Noreg som hadde Christin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Christin i perioden 1900–2017, var det 77 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Christin. Dette inneber at 23 prosent hadde Christin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Populariteten for Kristin – og varianten Christin – kan nok tilskrivast trilogien om Kristin Lavransdatter (1920–1922) av Sigrid Undset. Riktig nok kan det ikkje sporast nokon auke rett etter at trilogien var publisert, men namnet fekk ei bratt stigning frå 1940-åra og nådde toppnivået 1965–1979, noko som kan tolkast som påverknad frå utgivinga av trilogien i Den norske Bokklubben (1961–1963). I denne bokklubben har cirka 75 prosent av medlemmane vore kvinner, og dette tyder på at det særleg var mødrene som stod for dette namnevalet. Sidan år 1900 har Kristin vore brukt 17 gongar meir enn Christin.

Utvikling i bruk av namnet Christin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Christin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg